– Kontroll av fotografering og resultatet

Orientering av Bjarne Fossøy

Batteriet med nok strøm – ekstra batteri?
Minnekort med nok plass – reservekort? På minnekortet bør det stå minst 95 MB pr sek. for at du kan ta raske seriar eller ta opp video
Kontroller ALLE innstillingar, ISO, Blendar, kvalitet
Sjekk om alt er på plass i fotobaggen
Ta med stativ –
Kontroller eksponering og kor skarpt bilete er på displayet
Sjå på histogrammet
Bruk helst  Live view fordi da ser du nøyaktig korleis biletet blir før du eksponerar

– Utnytt det som er nyttig og mogleg med ditt kamera?
Kvalitet:
Bruk alltid beste kvalitet på kameraet!
JPG formatet gir alltid komprimerte bilete RAW har med all informasjon, og alt med unntak for fokus kan etterjusterast i biletbehandlingsprogram. Biletfilene blir mykje større i RAW enn i JPG og gir beste tekniske kvalitet ved konvertering til tiff.    Eks. Same bilete gir i JPG 8 MB, RAW 30 MB,
Tiff 8 bit 28 MB og tiff i 16 bit 143 MB
RAW filene må konverterast til JPG eller Tiff før dei kan brukast. Korleis ser eit korrekt eksponert bilete ut? Det bør vere litt lyst  fordi om du gjer eit  mørk bilete lysare mister du detaljer i mørkaste partiet Utnytting av mange MP på bildebrikka til f.eks utsnitt.

Panorama
Ved å fotografere f.eks eit landskap med å overlappe kvart bilete kan eit redigeringsprogram setje saman fleire   eksponeringar til eit panoramabilete (Fotomerg i Photoshop).  Det er viktig å stille inn på M -manuell eksponering slik at  alle bileta er likt eksponerte.  Blendar, lukker og ISO må vere like, men normalt går det greit  med kvitbalansen på AUTO. Fotografer frå venstre mot høgre.

Dette panoramabilete frå Nåse består av 5 enkeltbilete i høgdeformat og er i 6000X4000 pixel. Photoshop har sett dei sammen og nå er storleiken 5532 X 13173 pixel. I TIFF er datafila 123 MB. På papirutskrift kan biletet lages i 46X111cm i aller beste kvalitet. Litt morro å ha på veggen?

HDR High Dynamic Range

Av og til ynskjer vi å fotografere motiv med så stor kontrast at biletbrikka ikkje klarar å lage eit bilte utan at mørkaste delen gror samen, eller det lysaste brenn ut og manglar detaljer. Om du har innstilling for HDR på ditt kamera kan du prøve den funksjonen eller ta fleire ulike eksponeringar som du sidan kan setje saman til eit bilete i eit redigeringsprogram. Ved båe
fotograferingane treng du stativ.
HDR i mitt kamera består av 5 ulike eksponeringar som  kameraet sjøl set saman til eitt bilete.

Det øverste bilete er normaleksponering, og det nederste er HDR frå kameraet som har justert 5 eksponeringar til eitt bilete!
Dette er ikkje noko godt eksempel fordi kontrasten burde vore større i motivet for at HDR – fotograferinga kjem til sin rett.

 

 – Time Laps
Time Laps består i å fotografere med nokre sekunds           mellomrom over lengre tid, og ved å «lage film» med f.eks 25 bilete pr  sek blir mange timar til nokre sekund. Til 10 sek film trengs det 250  enkeltbilete. Eg har ikkje noko godt eksempel å vise fram.

– Tøye grenser   –
ISO innstillinga kan brukast også på dei aller høgaste verdiane og som gjer det mogleg å fotografere i svær svakt lys. Ved bruk av stativ kan vi fotografere med lukkartider på mange minutt for at nok lys på biletbrikka skal gi eit brukbart bilete.

Sjølv om kvaliteten på objektivet er best på midterste blendarane kan vi  sjølvsagt bruke heile blendarskalen og oppnå spesielle resultat.

På mange kamera er det også mogleg å bruke ulike «innebygde filter», justere fargar, kontrast og skarpheit utanom standarinnstillinga. Å utnytte maximalt med bilete pr sek kan f.eks. nyttas til portrett, gruppe, leik og idrett av mange slag. Det er ein utfordring å lære seg og prøve ut nye ting!

Lykke til!

 

 

 

Kurs i bruk av kamera
10.10.2018

Orientering av Bjarne Fossøy

Årstal og dato – det kan vere kjekt å ha om nokre år, så kontroller at du har rett dato og årstal på ditt kamera .
Fargerom:  Adobe RGB er best for papirutskrifter,  sRGB for skjermbruk.
Bilde brikka, kompaktkamera CA 4 x 6 mm, APS Ca 13 x 18 mm, Fullformat 24 x 36 mm på ei stor bildebrikke er punkta større enn på ei lita brikke og gir derfor betre biletkvalitet.
Megapixel , mitt Canon kamera 80D har 24 MP og 6000 x 4000 punkter og gir gode papirutskrifter opp til 52 cm bredde, eller plakattrykk f. eks 70 x 100 cm. Dei aller fleste kamera har i dag  mange nok MP til å gi svært gode bilete.

Bilet – format: Vanlegast til papirutskrift er 2:3, TV 16:9 og 4:5 gir nesten kvadratiske bilde

Dynamikk fortel om kameraets evne til å teikne synlege detaljer både i  lysaste  og mørkaste  parti på eit bilete. Desto betre dynamikk, desto større kontrast i motivet kan kameraet gjengi.

Prosessoren omdannar lyspunkta til det ferdige bilete, og kvaliteten på prosessoren heng noe saman med prisen på kameraet.

Minnebrikka  har lagerplass for bileta, og  lesehastigheten bør vere høg om du f. eks ynskjer mange bilete i sekundet over lengre tid.

Oppløysning fortel kor detaljert eit bilete kan vises på skjerm eller på papirutskrift. Ein vanleg TV skjerm med HD oppløysning kan vise 1920 x 1080 biletpunkt.  Alle fotoapparat har langt høgare oppløysning enn det.

Objektivet: Minimumsfaktoren når det gjelder biletkvaliteten er objektivet. Kvaliteten på objektivet heng normalt nøye saman med prisen, men på rimelege objektivet får du også gode bilete, særleg på den midterste blendaren som f.eks 8,0
Lysstyrke som f. eks 2,8 fortel  noe om kor svakt lys du kan fotografere i.
Vignetering  fortel noe om objektivets evne til å gjengi rette linjer i motivet.
Detaljoppløysing fortel kor fine detaljer i motivet objektivet kan gjengi, og den er best på blendarane på midten som f. 8,0. Beste biletkvalitet får du derfor normalt på blendarane 5,6, 8,0 og 11.

Anbefaler derfor fotografering med blendarval, AV på Canon.  Still inn f. 8,0 og eksponeringstida kjem automatisk, helst ISO på 400 eller auto, kvitbalanse på auto. Dette skal gi gode resultat på fotografering ute i godt dagslys. I overskya og svakare lys kan du endre ISO til f. eks 800 eller høgare, eller blendaren til 5,6.
Makro-objektiva er svært gode objektiv  som gjengir rette linjer greit og har god detaljoppløysning og teiknar motivet skarpt og korrekt.  Beste objektiv-valet til repro, og med kort nærgrense for fotografering av planter osv.

 

 

Fotokurs på møtet 10. januar 2018 på Lesja skule

Ole og Bjarne vil gå gjennom grunnleggjande teknikk i fotografering og ta for seg lukker, blendar og ISO og vise korleis desse fungerar saman. Det viktige blir så å velje innstillingar som nettopp gir bilde den tekniske kvalitet som du ynskjer for det enkelte bilde.
Vi vil vise bilde med eksempel på ulike i innstillingar som er tilpassa det aktuelle motivet. Målet er at den tekniske kvaliteten på bildene skal bli best mogleg på ulike motiv.

Ole og Bjarne vil samarbeide om kurset.

Blendar,  lukker og ISO

Det er blendar, lukker og ISO som bestemmer eksponeringa i digitalkameraet.

Vanlege lukkartider er: 1/15 sek og vidare 30, 60, 125, 250, 500, 1000 osv. 1/500 slepper dobbelt så mykje lys inn på bildebrikka som 1/1000 sek, 1/250 sek det dobbelte av 1/500 sek. Lysmengda som når bildebrikka blir  dobla for kvart trinn, eller halvert om vi går andre vegen f.eks frå 1/250 sek til 1/500 sek.

Enkelte  kamera har gjerne eksponering frå 30 sek til 1/8000 sek, i tillegg «B» der lukkaren er open så lenge du held knappen nede.

Fotografering utan stativ og utan bildestabilisering i objektivet eller kameraet er regelen at eksponeringstida er det dobbelte av brennvidda.

Vi nyttar raske lukkartider for å få skarpt bilete av motiv som bevegar seg. Lange lukkertider er for fotografering i svakt lys, eller vatn med spesiell effekt osb.

Blendaren er lysopninga i objektivet, slik at med unntak av største blendar brukar vi ein mindre del av objektivet. Blendaropningane har tala: 2,8 – 4 –  5,6 –  8 – 11 – 16 og  22.

Her er største blendar 2,8 og minste blendar 22. Her er også halvering eller dobling av lysmengda som når bildebrikka. f. 4,0 slepper inn dobbelt så mykje lys som f. 5,6 – som gir dobbelt så mykje lys som f. 8,0 og omvendt.

Stor blendar f.eks 2,8 brukar vi i svakt lys, eller f.eks portrett med uskarp bakgrunn. Liten blendar f.eks f. 16 for å få bildet skarpt både forgrunn og bakgrunn.  Men blendarane på midten 5,6 og 8 gir finast detaljer i biletet (har høgaste oppløysning).

 

30 60 125 250 500 1000
16 11 8 5,6 4,0 2,8

 

Alle desse kombinasjonane av lukker og blendar gir same lysmengde på biletbrikka. Alle gir same eksponering. Men det er desse kombinasjonane som er grunnlaget for ulike programval.

På kompakte digitalkamera er brennvidda svært kort, og minste blendar er ofte f. 8,0.

 Kameraets «ISO» innstilling

ISO innstillinga kan samanliknast med ISO på analog film.

Skalaen går gjerne frå 100 – 200 – 400 – 800 – 1600 – 3200 – 6400 – 12800 osv.

Her er også det same prinsippet med halvering eller dobling av lysmengda som når bildebrikka.

Lågaste ISO gir best biletkvalitet. Høgaste ISO verdien kan nyttast men langt minder lys (f. eks inne uten blitz), men gir dårlegare biletkvalitet, bilete blir meir korna/uskarpt (biletstøy). På profesjonelle kamera går ISO skalaen så høgt at ein kan fotografere i så svakt lys som det før ikkje var mogleg å fotografere i det heile! Dette må du prøve på ditt kamera, det normale er at høgaste ISO innstilling ikkje gir bilete du blir fornøgd med.

Forholdet mellom ISO og blendar blir derfor slik:

 

ISO 100 200 400 800 1600 3200
Blendar 16 11 8 5,6 4,0 2,8

 

Forholdet mellom ISO og lukkartid blir slik:

 

ISO 100 200 400 800 1600 3200
Lukkartid 500 250 125 60 30 15

 

 

Piksler og storleiken på fotografia

Uskrift på papir
Mitt Canon Eos 80D har 6000 x 4000  pixel, altså oppløysning på 24 MP.  Dei beste skrivarane vil gjerne ha oppløysing på 300 pixel pr tomme (ppi eller dpi dots pr inch)  og utrekninga blir da slik:
6000 : 300 = 20 tommar; 20 x 2,54 cm = 51 cm. Eg kan derfor lage papirutskrifter på
51 x 34 cm i aller beste fotokvalitet!

Til bruk på PC-skjerm eller TV-skjerm er det spørsmål kor stor oppløysing dei ulike skjermane kan ha. På TV er nå vanleg oppløysing i HD 1920 x 1080 pixel, og på dataskjerm vil oppløysinga variere gjerne frå 1200-1800 pixel. Det «nye» formatet 4K er oppløysing på ca. 3840 x 2160 pixel (ca 8 MP kamera). På nye videokamera med 4K kan du derfor ta ut enkeltbilde på 8MP! Dette betyr at oppløysing på ulike skjermar er vesentleg mindre enn på dagens digitalkamera. Det trengs eit bildebehandlingsprogram for å endre på oppløysing på fotografia. Ved å tilpasse storleiken på bildene til f. eks dataskjerm bli datafilane mykje mindre, raskare og enklare å sende på e-post eller vise på skjerm.

 

Live View

Med funksjonen Live view ser du på skjermen nøyaktig korleis bildet blir. Skjermen viser også 100% av motivet, på mange kamera viser den optiske søkjaren berre ca 92%.
Dersom du vel såkalla halvautomatiske program (du vel blendar eller lukker, resten er automatisk) har du tilgang til knappen for eksponeringskompensasjon og kan justere til korrekt eksponering før du trykker av første bildet.
Så kan du kontrollere og justere at fokus er valt nøyaktig der du bestemmer, dette er enkelt på nye kamera med touchbar-skjerm.
Er det spesielle eller «vanskelege» lysforhold kan du sjølvsagt også endre på kvitbalansen i bildet før du eksponerar.
I sterk sol både sommar og vinter er det ein utfordring å sjå bildet på skjermen, men her finnes hjelpemiddel, det er å få kjøpt ekstra søkjar som du festar til displayet med tunn magnetramme, og det fungerar fint – sjølv om det er tungvint (Ca kr 1000).

 

13.04.2016

Bjarne Fossøy