Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Kveldstur til Lorkverna

19. juni 2019 kl. 18:00 - 21:00

Som før om åra blir det ein fotokveld  ute i det fri, og denne gongen er valet Lorkverna i Lordalen.

Ved Lorkverna og i nærområde bør det vere mange interessante fotomotiv, og vi håpar sjølvsagt på greit utevèr.

I pausen blir det kaffikoking på svartkjel, og  denne kvelden får kvar enkelt ta med «nogo attåt» kaffien. Sjølvsagt blir det varmt vatn til dei som vel te til drikke.

Finn Teigen har mykje kunnskap om det som er å sjå ved Lorkverne, så han svarar gjerne på spørsmål om husa og elles andre ting som er å sjå i området der.

Hovudvegen til Lorkverne tek til venstre like ved bommen på Lordalsvegen, køyrer brua over Lora, og så ca 3 km innover på venstre sida av Lora til merka parkeringsplass, og frå der er det ca 20 minutt å gå etter merka sti.

For dei som vil køyre bil heilt til Lorkverne betaler du kr 20,- i bommen og køyrer Lordalsvegen innover til renseanlegget og tek til venstre der, det står eit skilt med bilete av Lorkverne men vegen er elles ikkje skilta. Ein smal grusveg går heilt til brua ved Lorkverne.

Velkomne, vi håpar på godt frammøte!

Bjarne

Sekretær

Detaljer

Dato:
19. juni 2019
Tid
18:00 - 21:00

Sted

Lorkverne