Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Møte i Dovrefjell Fotoforum

13. september 2017 kl. 19:00 - 22:00

Neste møte blir 13 september på Trolltun
Tema blir Månedens bilde til Vigga, og vi håpar å få inn mange nok bilde for å dekke eitt år. Dette vil lette Finn sitt arbeid med å sende bilde til Vigga, og på denne måten har han heile tida bilde på lager. Månedens bilde treng ikkje alltid å vere knytta til rett månad berre det er eit godt bilde. For DF er det viktig å minne folk på at klubben eksisterer og kan vise fram gode bilde. Så vil vi gjerne at så mange som mogleg – aller helst alle – stiller med bilde og får både bilde og namn på trykk i Vigga. Medlemmer som ikkje kan komme på dette møtet kan da sende bilde på e-post til sekretæren, bfo@snohetta.no
Det er fint om de kan skrive inn kva for månad de synest bilde passar til i filnamnet til det enkelte bilde (namn på månad eller nr) eller info på annan måte.

Planlegging av utstilling av fotografi på Dovrefjell hotell i samarbeid med Dovre og Lesja kunstforening.

Vi tek sikte på å ordne utstillingen fredag 22 september og det er fint om mange kan vere med. Ta kontakt med Jogrim om du ikkje alt har ein avtale om levering av fotografier.
Det er vel enda tid til å få laga store nok papirkopiar og ordne med innramming?
Kva bør vi ordne på førehand når det gjeld informasjon til publikum om DF, fotografane som har bilde her, pris på fotografia osv.

Bjarne
Sekretær

Detaljer

Dato:
13. september 2017
Tid
19:00 - 22:00