Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Tur til Nysetra på Dalsida

7. juni 2017 kl. 17:00 - 23:30

Vårturen går til Nysetra på Dalsida onsdag 7. juni. Vi møtes ved Inger-Ragny og Bjarne si hytte i 5-6 tida på ettermiddagen og her vil det vere varm kaffi og fyr på grillen frå i femtida og høve til triveleg sosialt samvære utover heile kvelden.

Bjarne vil orientere litt om Nysetra, plante og dyrelivet på Dalsida. Utanom på sjølve Nysetra er det fine fotomotiv f. eks. frå Gråhaugen eller ved Kvitfossen i Skamsdalen, langs Fransaråa, nyrestaurert utliggjarbru på Nysetra, fin utsikt frå Bjønnan, ved Kleberberget er det interessante spor etter produksjon av klebersteinsgryter –   og fjellsmelle – truleg i full blomst. Og så reknar vi med at vårplanter viser seg fram rundt setra. Så her blir det opp til kvar enkelt å velje kva som skal fotograferast denne kvelden.

Detaljer

Dato:
7. juni 2017
Tid
17:00 - 23:30