Referat fra julemøte i Dovrefjell Fotoforum

På  Trolltun 14.12.2016

14 personar møtte til årets julemøte, og det var svært fint at to stk. frå Vågå Kameraklubb tok turen til Trolltun. Maten smakte godt, og fotopraten gjekk rundt bordet.

Fotokonkurransen
Dei 41 fotografia som kom inn til årets fotokonkurranse var juryerte av Vågå Kameraklubb, og Kjell Stålevik og Svein Ole Valde som er leder i Vågå Kameraklubb kommenterte bilda.

  1. premien gjekk til Ole Thøring for eit flott bilde av mår. Ole fekk også heiderleg omtale for bilda Orrfugl og Tiur.

Andre og tredjepremien gjekk til Asbjørn Amble for bilda Er fasst ihn Sicher og Full fyr. Asbjørn fekk også heiderleg omtale for bildet Morgentoget (h)elg.

Finn Teigen fekk heiderleg omtale for bildet Perleugle  og bilda Solstreif  og Bjørvika vart antatt.

Svein Stuen fekk også antatt eitt bilde  utan tittel og motivet viste ein flott naturstemning.

Gode faglege kommentarar til bilda var nyttige for mange.

Ola Erik Mølmen viste så gode naturbilde, og bilde frå ein tur til Madeira.

Interessant å treffe fotografar frå Vågå Kameraklubb, og vi syntest det kunne vere triveleg  å møte dei att, og medlemmene i Vågå Kameraklubb blir inviterte til februarmøtet vårt, så får vi sjå om nokon fleire vel å ta turen til Lesja.

 

2017
Nokre av punkta på styret sin plan for neste halvår (styremøte av 21.11.2016) vart drøfta. Vi tek kontakt med Lesja Kunstforeining for å få til ein ny utstilling på Dombås hotell. Tidspunkt og anna informasjon kjem vi tilbake til seinare.

Neste møte blir på Lesja skule 11. januar kl. 19.00 og vi håpar på ein god start i 2017 i fotoklubben.

Tema: Natur

Bjarne
sekretær

 

 

Referat fra møte i Dovrefjell Fotoforum
12.10.2016 på Trolltun

Vi var berre 5 på møtet denne gongen. Men triveleg var det lell.

Asbjørn viste bilete frå haustfjellet, m.a. fleire gode av villreinflokk. Attåt dette godt barneportrett.
Finn hadde også fjellbilete, – fossar og berg. Dessutan eit blinkskot av campingplass i måneskin.
Ole hadde bilete av moskus, mår og fugl, d.v.s. tiur i full prakt og makt med underdanige røyer framføre seg. Mårbileta truleg heilt uvanlege, både i komposisjon og ljos. Kosteleg der måren nærast poserte på ein stubbe. – Ole hadde også morosame bilete av små ungar som trør i søledam så vatnet skvett.
Jogrim hadde ein god del haustbilete, både nærbilete, «abstraksjonar» og landskap.
Som vanleg kaffe, kake og fotosamtale, både om komposisjon og tekniske finessar.

Jgrim
Ref.

Jogrim har vore i kontakt med fotogruppa på Lesjaskog. Dei er ikkje aktive lenger, og vart inviterte til å vera med oss.
– Vågå kameraklubb kan ta juryering av konkurranse hos oss.

Neste møte på Trolltun onsd. 9. nov.

Referat fra møte i Dovrefjell Fotoforum
14.09.2016 på Trolltun
Jogrim ynskte alle velkomne til eit nytt fotoår, og 9 stk hadde funne vegen til Trolltun.
Anders Nordsletten starta bildevisninga med mange gode bilde frå ulike land i Sentral Asia, Portogal og andre land. Ein frisk pust som sikkert ga inspirasjon til fotografering på ulike måtar.
Finn hadde med  bilde frå vårmøtet på Grønbakken, og han er flink til å fotografere familien, og barnebarna er gjeve motiv.  Også på fjellturar  innover Slådalen og Skjervedalen blir kameraet flittig brukt. BRA!
Asbjørn ferdes ofte i moskusens rike og viste dagsferske bilde.
Bjarne viste også bilde frå Grønbakken, samt  bilde frå Breheimsenteret i Jostedalen og Styggevatnet. Og vatn var også eit motiv denne gongen.

Matpause med triveleg prat

Så vart det Jogrim med gode bilde både frå Oppdal, Vestlandet og Nord Noreg.
Den nye videokanona fungerte greit, så bildene kom til sin rett på skjermen. Den har HD oppløysing som betyr at vi bør justere bildene til 1980 pixel i bredde eller større for å få bildene så gode som mogleg på skjermen.

Vi håpar på å få sjå gode bilde og at det blir mange som møter på neste møte, 12 oktober på Trolltun

Bjarne
sekretær

 

Referat fra vårmøte i Dovrefjell Fotoforum
01.06.2016 på Grønbakken

GrønbakkenPå hytta si fekk Ole besøk av: Inger-Ragny Fossøy, Hans Jakob Dahl, Bjarne Fossøy,  Jogrim Nordsletten, Svein Brekken, Asbjørn Amble, Lars Tressum og Finn Teigen (fotograf).

Kaffi og noko attåt vart ein god og sosilal start på kvelden og med «Den gode samtalen» som varte utover kvelden. Mange fine motiv i nærområdet som mogop og andre planter, og ikkje minst alle seterhusa med sin kulturhistorie.. Ein moskus som hadde forville seg ned mot elva vart sjølvsagt fotografert på trygg avstand. Asbjørn og Bjarne tok ein liten tur før kaffipausen og fann moskus innpå fjellet.
Stor takk til Ole som stilla hytte  med kaffiservering til disposisjon, og Ole fortalde litt om historien til setra her på Grønbakken og om mange av dei personane som i kortare eller lengre tid heldt til her.

Så reknar vi med at på haustmøta i klubben vil vi få sjå mange av fotografia frå denne kvelden

Bjarne
sekretær

 

 

Referat fra møte i Dovrefjell Fotoforum
13.04.2016 på Lesja skule

8 medlemmer var til stades, og Jogrim leia møtet.

Bjarne forklarte litt om kva piksel i bildet fortel om kor stor papirkopi som kan lagast frå aktuelle kamera, og kva som trengs av piksel  i bilde for å få det beste resultatet på ulike skjermar som PC eller TV. For fleire detaljer sjå under fana «Fotokurs»
Bjarne viste også korleis ein kan dra nytte av funksjonen Live View på speilreflekskamera.  Med denne funksjonen kan ein på førehand stille inn korrekt eksponering,  fokus og ser 100% av bilde før eksponering. For fleire detaljer sjå under fana «Fotokurs»
Lars Tressum demonstrerte ein nyinnkjøpt «kasse» for digitalisering av 135 mm film og dias. Skanning av kvart enkelt bilde tok svært kort tid samanlikna med skanning på vanleg skannar. Oppløysinga var god nok til brukbare papirutskrifter i A4.
Ole Thøring tok oss med på ei kald natt på orreleik, og hadde mange flotte orrebilde å vise fram.  Kanskje tiurleik blir det neste?
Svein Stuen hadde farta rundt land og strand siste åra og viste bilde frå mange stader, og i tillegg bilde av husdyr, samt  andre dyr og fuglar som han hadde fotografert med sitt superzoom kamera. Utruleg god kvalitet.

Finn Teigen hadde med bilde frå elvekanten med mange kunstneriske isformasjonar.

Mette og Finn stod også for god servering av mat og drikke.

Mai-juni kveldstur

Det blir truleg tur til moskusens og mogopens rike på Grønbakken med Ole Thøring som guide! Oles familie har hytte her, så Ole har god oversikt over aktuelle fotomotiv i området.

Dato og opplegg for kvelden kjem vi tilbake til i slutten av mai.

Eg har motteke brevet nedfor frå Bjørnhild Vigerust.
«Heisann!
Jeg er hyret inn som ressursperson/potet til utviklingen av Hjerleidstillingen, sammen med Geir Arne Hageland i Funkibator. I denne forbindelse er tanken å involvere og inkludere mer av lokalt næringsliv og lokale organisasjoner i dette arbeidet, også på selve utstillingsdagen.

Årets tema er satt til å være «Kloke hender», som kan knyttes både til Hjerleid spesielt og yrkesfag, kunnskap etc generelt. Jeg drev og drodlet litt for meg selv rundt dette, og kom på at det hadde vært gøy å gjøre noe kunsterisk ut av dette. Jeg ser for meg en fotokonkurranse, med nettopp kloke hender som tema. Bidrag kan stilles ut under utstillingen, og det kan kåres en vinner.

Jeg slenger bare ut denne ideen nå, for å høre litt hva dere i fotoforumet tenker om dette. For det trengs flere kanaler å spre budskapet i, og ikke minst trengs det noen med kompetanse på foto. Samtidig er det også mulighet for dere å vise dere frem i litt nye kanaler gjennom Hjerleid-nettverket.

Så, hva tenker du; kunne dette være noe dere i Fotoforumet ville hjelpe oss med å få til? 🙂

           _____

Med vennlig hilsen,
Bjørnhild Vigerust
Tlf.: 48 24 61 23″

 

Her er truleg svært kort tid å gjere på, men tidsplan og meir konkrete ting manglar.  Klubben ber enkeltmedlemmer som er interesserte å ta direkte kontakt med Bjørnhild Vigerust
Bjarne Fossøy
sekretær

Referat fra møte i Dovrefjell Fotoforum
På Lesja skule, onsdag 9. mars

Etter årsmøtet holdt  Asbjørn et foredrag med film og bilder. Tema:Barn og mestring.
Finn Teigen viste en spennende serie vinterbilder tatt med makroobjektiv.
Jogrim Nordsletten viste en diasserie fra et tidligere besøk til Venezia.

Møtet slutt kl 22.03
Asbjørn Amble – referent

 

Referat fra møte i Dovrefjell Fotoforum
På Lesja skule, onsdag 10. Februar

Asbjørn Amble innledet med en liten sekvens der temaet var «Fra farge til svarthvitt». Noen muligheter i Photoshop, og Lightroom ble berørt. Kjell Erik Meiningen tok de frammøtte med på en fotoreise til Vietnam og Kambodsja. Veldig interessant. Jogrim Nordsletten viste en flott diasserie med bilder fra den tiden fotografen var prisgitt kamera, sitt eget fotografiske syn og filmens hastighet. Ole Thøring og Finn Teigen presenterte også gode bilder. Takk til Mette og Finn Teigen som sørget for servering under møtet. Neste gang er det årsmøte, og vi minner valgkomiteen på deres arbeid.

Asbjørn J. Amble
Leder

 

Referat fra møte i Dovrefjell Fotoforum onsdag
På Lesja skule, onsdag den13.01.2016
11 frammøtte til samlingen på Lesja skule. Finn og Mette Teigen ordnet med mat og kaffe/te. Ikke et spesielt tema for denne fotokvelden, men et rikt utvalg av bilder fra de frammøtte, som førte med seg mye fotoinformasjon, ideer og kunnskapsutveksling. Neste møte blir onsdag 10. februar, samme sted. Takk til Ole Thøring, Finn Teigen, Steinar Vikås, Jogrim Nordsletten og Hans Jacob Dahl for en rik fotokveld.

Asbjørn Amble
Leder