Møtereferat - 2017

 

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Julemøte i Dovrefjell Fotoforum 13. desember  2017 på Trolltun, Dombås

Jogrim kunne ynskje 20 personar velkomne til møtet, og det var svært bra at så mange møtte.
Programmet for kveldene starta med ein god middag, så dessert og kaffi  – alt krydra med triveleg prat om foto og andre ting i desse førejulstider.

Frå Linselusa, fotoklubben på Vinstra, møtte tre personar som hadde planlagt ein fin bildekveld med premiering av konkurranse-bildene til slutt.

Øyvind Pedersen , som er distriktskontakt i NSFF (Norsk Selskap For Fotografi), orienterte om NSFF med ein informativ Powerpoint presentasjon. NSFF kan gi råd om drift og aktivitetar i klubben, held ulike fotokurs osb. Medlemskapet kostar nokre kroner, men alle medlemmer får Årboka til NSFF – som kostar omlag det same som medlemskapet.

Jon Stensrud viste så ein fin bildeserie frå natur i Gudbransdalen. Mange fine eksempel på bruk av makroobjektiv til insekt, blomster og til og med  hoggorm. Teleobjektiv til blant anna moskus på Dovrefjell, og motiv med lang lukkertid.  I det heile ein svært fin bildeserie som nyleg var brukt på eit kurs i NSFF på Høvringen.

Rune Hermansen presenterte resultatet av årets fotokonkurranse som vart slik:

  1. Plass Gullsmed i Arbeid Asbjørn Amble
    2. Plass DSC_4126(motiv: haukugle) Ole Thøring
    3. Plass Hegre 1  Asbjørn Amble

    Antatte i tilfeldig rekkefølge
    Moskus og Snøhetta  Bjarne Fossøy, Repro Jogrim 011 Jogrim Nordsletten, Skulptur i vann  Hans-Jacob Dahl, Utstilling   Hans-Jacob Dahl, Luftig svev   Asbjørn Amble, Portrett Bjarne Asbjørn Amble, DSC_3145 Finn Teigen
    Jogrim A33 Jogrim Nordsletten.1. plass. Foto: Asbjørn Amble

2. plass. Foto: Ole Thøring

Jogrim avslutta kvelden med å takke medlemmen i Linselusa for greit utført arbeid med juryering av konkurransebildene i DF.

Bjarne
Sekretær

 

 

 

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 8. november 2017 på Trolltun, Dombås

9 personar til stades.

Jogrim ynskte velkommen til møtet.

Først refererte Jogrim frå styremøtet 2.nov hos Bjarne og Inger-Ragny. Ingen spesielle kommentarar til referatet, og nokre sa seg enige i at DF melder seg inn i NSFF.

Så vart det blidevisning med diverse kommentarar.

Bjarne viste bilde med haustmotiv, spesielt frå fototur i Forolhogna med paringsklare storbukkar i praktfullt haustvèr. Også  nokre  plantebilde etter dagens tema, «nært og halvnært».

Asbjørn med gode bilde, nokre i sv/kv. Også nokre frå bilde frå familietur til Washington.

Steinar viste mange nærbilde  av blomster, insekt og dyreliv i fjæra.

Finn  jobbar seriøst med bilde for tida, og viste mange fine bilde.

Jogrim har som vanleg mange gode bilde å vise fram. Han finn motiv i nærmiljøet til det aktuelle temaet som gjeld.

Triveleg kaffipause der praten går om mange emne!

Så minner eg om fotokonkurransen 2017.

Du kan delta med inntil 5 bilde.
26.11.2017 kl 19.00 er frist for innlevering, og bildene sendes som vedlegg på e-post til: bfo@snohetta.no.

Bjarne
Sekretær


 

 

 

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 11. oktober 2017 på Trolltun, Dombås

8 medlemmer til stades.

Vi har utstilling ståande på Dombås Hotell fram til midt i november. Bileta blir – må ein tru – sett av ein god del av hotellgjester, og av fastbuande i Lesja og Dovre.  Det er sett opp ein god del plakatar, f. eks. på biblioteka og utanfor butikkar.

Dessverre hadde to bilete falle ned, men Finn har reparert dei..

Vi drøfta tema for novembermøte og bestemte oss for det nokså frie : «Nært og halvnært».

Så var det biletvising.

Steinar hadde som vanleg mange gode både store naturmotiv og nærbilete, m.a. rimfrost på planter. Han synte og eksempel på «fake news» i foto, d.v.s. samansetting av element frå mange ulike foto til eit tilsynlatande sant bilete.

Lars hadde bilete frå si kjære hytte med store utsyn og fine nærbilete, f. eks. gyllen haustmolte.

Eldbjørg synte mange gode og interessante bilete frå nærmiljøet og fjerne land. Frå katt til Katmandu – så å seia. Mange tankevekkjande bilete frå liv og strev og styrke i samfunn ulike vårt.

Sigurd hadde mellom anna vakkert skoddehav i dalbotnen vestover Lesja, og rein i blått ljos.

Ole hadde vore i Rondane og skildra dei store landskapa der på ein fin måte.

Jogrim hadde ymse haustbilete, mest nære og halvnærebilete frå haustlauv til snøsørpe.

– Vi treng stadig å bli flinkare til å finne bilete til Månadens bilete. Finn refsar oss med god grunn for det.

Jogrim
Referent

 

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum onsdag 13 september  kl 19.00 på Trolltun.

Formannen, Jogrim Nordsletten ynskte velkomne til første møte denne hausten, og i alt 12 personar   møtte fram.

Lars orienterte om at rekneskapet for 2016 er godkjent.

Utstilling av fotografi på Dovrefjell hotell i samarbeid med  Dovre og Lesja kunstforeningen  var første tema. 6 medlemmer hadde bilde til utstillingen som vi skulle få på plass fredag 22. september.  Dei som hadde bilde til utstillingen skulle også sende informasjon om bildetittel og pris på bildene til sekretæren slik at vi kunne legge slik informasjon i ein perm ved utstillingen. Formanne ville skrive informasjon om fotoklubben.

Tema for kvelden var Månadens bilde til Vigga slik at Finn har bilde klart til kvar månad framover. Og som alltid har vi plass til bilde med andre motiv på møta våre. Det kom ikkje fram så mange bilde til kveldens tema, så temaet månadens bilde må vi gjenta.

Bjarne, Jogrim, Ola Erik , Sigurd, Steinar og Asbjørn viste gode bilde.

Bjarne

Sekretær

 

 

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Fjelltur i Dovrefjell Fotoforum onsdag 7. juni til Nysetra

Sigurd Brækken, Ola-Erik Mølmen, Hill-May Mølmen, Finn Teigen, Jogrim Nordsletten Kjell Storrusten og Astrid Storrusten (Inger-Ragny Fossøy vart ikkje med på bildet). Foto: Bjarne Fossøy 

Fotoklubben var her på det som skulle vere fototur i låg, varm junisol. Men nei.  Det varsla regnet kom dessverre, – varslet stemde i dag, ja. Sterk vind og regn. Vi sat i seterbua og drakk kaffe, og prata om mangt gamalt og nytt, slik som folk skal. Det vart teke nokre få foto, alle inne. Motiv: Folk rundt eit triveleg bord, med koppar og ljos. Lyden av regn og vind nådde inn og forsterka trivnaden.
Jogrim 

Vi prata også om klubben si utstilling på Hjerleid der tre av medlemmen stilte med bilde under temaet Kloke hender.

Så vil Dovrefjell Fotoforum vere med på bildeutstilling på Dombås Hotel i samarbeid med kunstforeningen i Lesja og Dovre frå ca 20 september. Meir info seinare.

Neste møte blir i september på Trolltun. Tema blir Månedens bilde til Vigga, vi håpar å få inn mange nok bilde for å dekke eitt år. Og da blir Finn glad! Sjå under Møteplan.

 

 

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum onsdag 19. april  kl 19.00 på Lesja skule.

Formannen, Jogrim Nordsletten ynskte velkomne til møte, og i alt 10 personar  var møtt fram.  Steinar Vikås og kameraten hans, Idar Moldsvor,  hadde også teke turen til Lesja.

Heimesida til Dovrefjell Fotoforum er snart eitt år, og Bjarne viste litt om kva som er på plass under dei ulike tema. Håpet er at alle interesserte her finn informasjon om f.eks. når neste møte er, referat frå møta, og elles det som skjer i klubben. Under fana Medlemmer er det berre nokre få som er presenterte med  fotografi og tekst, og sekretæren håpar at fleire  vil   vere med her og sender bilde og tekst til meg. Framsida blir oppdatert med Månadens bilde etter kvart som tida går.  Sekretæren håpar at mange medlemmer er innom heimesida for å følgje med på det som skjer i klubben.
Adressa er: http://dovrefjell-fotoforum.no

Bjarne viste så litt om korleis ein spesiell blits (Sigma elektronic flash macro)  for nærfotografering av f. eks blomster fungerar, og litt om kva den kan brukast til. Blitsen har mange val for innstillingar slik at ein kan få den lyssetting ein ynskjer til motivet.  At ein kan bruke blendarval (AV på Canon) slik at det er lett å styre kor skarpt bilde vil bli er ein stor fordel. Og ute i det fri er det enkelt å få skarpe blide sjølv om det ikkje er vindstille.

Kveldens tema var Vårteikn, og Bjarne viste sine blide av vårens blomster, og nokre av fuglane  som finn mat nær huset og dei som på vårtrekk mot nord stoppar på Lesjaleira for å kvile og ta til seg nok mat for turen vidare.

Så viste Idar Moldsvor interessante bilde med spor og linjer.

Finn hadde fanga mange vårteikn kring Bruhaugen og i Romsdalen .  Det er tydeleg at Finn trivest godt med sine nye kamera!

Sigurd Brekken viste også gode bilde.

Etter kaffipausen var det Lars sin tur, som for fleire år sidan hadde laga ein bildeserie om våren – som kjem litt seint på våre trakter. Serien var ein fin presentasjon med bilde og musikken var sjølvsagt Våren av Grieg. Framvisinga var laga i programmet  Photo Story 3 for Windows.

Asbjørn  hadde konvertert dei fleste vårteiknbildene til svart/kvitt som gjorde seg godt til kveldens tema.

I Oppdal var også dei første teikn til våren på gang, og Jogrim viste mange eksempel på vårteikn i fjellbygda og avslutta bildevisninga for kvelden med sine gode bilde.

Jogrim orienterte så om at også i vår prøver vi ein kveldstur i månadskifte mai-juni . I år går turen til Nysetra på Dalsida. Forslaget om å møtast 31 mai tykte fleire var litt tidleg så styret bestemde at datoen blir onsdag 7. juni. Vi møtes ved Inger-Ragny og Bjarne si hytte i 5-6 tida på ettermiddagen og her vil det vere varm kaffi og fyr på grillen frå i femtida.

Bjarne vil orientere litt om Nysetra, plante og dyrelivet på Dalsida. Utanom på sjølve Nysetra er det fine fotomotiv f. eks. frå Gråhaugen eller ved Kvitfossen i Skamsdalen, langs Fransaråa, nyrestaurert utliggjarbru på Nysetra, fin utsikt frå Bjønnan, ved Kleberberget er det interessante halvferdige klebersteinsgryter –   og fjellsmelle – truleg i full blomst. Og så reknar vi med at mogop, grepplyng og fjellnøkleblom viser seg fram rundt omkrig setra. Så her blir det opp til kvar enkelt å velje kva som skal fotograferast denne kvelden.

Sjå meir om dette under Møteplan  på heimesida når tida nærmar seg.

Bjarne
Sekretær

 

 

Referat frå årsmøte og medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum onsdag 8. mars kl 19.00 på Lesja skule.

Formannen, Jogrim Nordsletten ynskte velkomne til årsmøte, og 8 medlemmer var møtt fram.

Årsmelding
Jogrim las opp årsmelding som vart godkjend utan merknad.

Årsmelding 2016 for Dovrefjell Fotoforum

Styret i Dovrefjell Fotoforum 2016

Leiar: Jogrim Nordsletten

Kasserar: Lars Tressum
Sekretær Bjarne Fossøy
Styremedlem: Finn Teigen

Styret har ikkje hatt varamann for leiaren i 2016.
I året som er gått har Dovrefjell Fotoforum hatt 8 medlemsmøte, 4 møte på Trolltun og 4 møte på Lesja skule. I juni var det kveldstur til Grønbakken med fotografering av vårplanter og moskus.

Styret har hatt tre styremøte i perioden.

På medlemsmøta har vi  lagt stor vekt på å vise bilde, både med oppgitte tema og etter fritt motiv. Mange bilde er kommenterte med nyttige og lærerike tips og råd.

På årsmøte 9. mars 2016 vart det vedteke å lage heimeside til Dovrefjell Fotoforum, og dette arbeidet vart oppstarta umiddelbart etter møtet. Kristoffer Thøring tok på seg arbeidet med å lage heimesida, og har vedlikehaldet av sida, mens det nå er sekretæren som legg inn alt av stoff og bilde. Heimesida var klar til bruk i løpet av våre 2016 og har adressa: http://dovrefjell-fotoforum.no/

Styret håpar at heimesida er til god nytte for medlemmene.

Asbjørn Amble har vore behjelpeleg med å legge ut stoff som møteinnkalling og referat på klubbens facebookside.

Innkjøp av ny videokanon har vore diskutert på møter fleire gonger p.g at på den vi hadde var ikkje bildekvalitet  særleg god. Styret bestemde derfor at klubben skulle gå til innkjøp av ny videokanon, og som vi ville ha på plass til septembermøtet. Den nye videokanona fungerer godt!

Årets fotokonkurranse vart juryert av Vågå Kameraklubb, og resultatet fekk vi på desembermøtet. Ole Thøring fekk 1. premie med eit flott mårbilde.

I november fekk DF spørsmål frå Nord-Gudbrandsdal vgs, avd Dombås om fotografi til utsmykning av skolen. Fleire medlemmer har levert bilde til skolen.

I januar fekk styret spørsmål frå Vågå Kameraklubb om juryering av klubbens «månadens bilete». Styret valde å gjere denne jobben som ei styresak, og utførte juryering på eit styremøte hos Bjarne Fossøy.

Oppdal den 06.03. 2017

Jogrim Nordsletten

Val
Valkommitéen hadde ikkje levert forslag til nytt styret. Det vart derfor opp til årsmøte å prøve å setje i hop eit nytt styre. Medlemmene i klubben ynskjer at Dovrefjell Fotoforum skal halde fram med sin aktivitet! Årsmøtet kom fram til at det nye styret skulle bestå av:

Leiar:  Jogrim Nordsletten, vald for eitt år.
Nestleiar: Ole Thøring, vald for  2 år
Kasserar: Lars Tressum, vald for  2 år
Sekretær: Bjarne Fossøy, ikkje på val
Styremedlem:   Finn Teigen, vald for  2 år
Valkomité:  Svein Stuen, ikkje på val
Valkomité: Asbjørn Amble vald for  2 år
Revisor:   Eldbjørg Nyborg

 

Rekneskap
Lars las opp rekneskapet for 2016 som vart godkjent av årsmøtet.
Enkelte medlemmer ynskte å få tilsendt bankgiro for innbetaling av medlemskapet.

Sak 1
Oppdatering av vedtektene for Dovrefjell Fotoforum.

Alle punkt i vedtektene vart opplese og fleire punkt vart endra i tråd med slik klubben fungerar i dag.
Under «presentasjon» finn du vedtektene reviderte på årsmøtet 8 mars.

Sak 2
Orientering om Norsk Selskap For Fotografi.
Saka vart utsett for å få litt tid til å sjå på bilde også.

DF ved Asbjørn Amble hadde fått forespørsel frå Hjerleid om DF var interessert i lage bildeutstilling på Hjerleid – sjå invitasjon nedafor.

«Hjerleidutstillinga 2017 inviterer til

Fotoutstilling

Hjerleid Skule og Handverkssenter på Dovre, har den store glede

å invitere til Hjerleidutstillinga 9.-11. juni 2017

– eit arrangement tufta på våre stolte handtverkstradisjonar, og med solide røter frå 1903.

Kvalitet, kunnskap og kreativitet er sentrale stikkord for heile utstillingshelga, og me ønskjer å involvere vår gjennomgåande tematikk “kloke hender” i alle deler av arrangementet. Me vil difor oppfordre Dovrefjell Fotoforum til å lage ei fotoutstilling, nettopp med kloke hender som tema. Det kan vera bilete av handverk, matlaging, landbruk, musikk eller noko heilt anna. Her er det berre å sleppe fantasien og kreativiteten laus, og finne unike motiv som kan knyttast opp til tematikken.

Me ynskjer å stille ut resultatet i våre lokaler på sjølve elevutstillingsdagen, sundag 11. juni. Me er òg opne for å kunne la utstillinga bli ståande ei stund framover, samt at utstillinga kan vere ei salsutstilling, dersom det skulle vere interessant for dykk.

Utstillingslokalet vil stillast til disposisjon utan kostnad. Kostnad for trykk og innraming må deltakarane dekke sjølve.

Me vonar dette vil vere interessant for Dovrefjell Fotoforum å delta på, og ynskjer dykk hjarteleg velkomne til Hjerleidutstillinga 2017!

Mvh. prosjektgruppa v/Helle Hundevadt.»

 

Dovrefjell Fotoforum er interessert i vere med på denne bildeutstillinga, og fleire medlemmer sa seg interesserte i å levere bilde. Asbjørn sa seg villig til å undersøke litt meir om kor mange bilde det kunne passe på den plassen som var planlagt til bildeutstillinga, og han ville halde kontakt med prosjektgruppa om bildeutstillinga.

NB!

Medlemmer av Dovrefjell Fotoforum som ønsker å delta med fotografier på Hjerleidutstillinga, under temaet «Kloke hender», må ta kontakt med Asbjørn Amble, tlf 97646048 eller e-post: asbjorn@amble.no, innen 1. april. Fortell litt om bildene dine, og hvilken del av temaet de omhandler. Vi deltar med oppmonterte eller innrammede bilder i 30×40 – 40×50– format. Gjerne større også. Viser til invitasjonen som ligger sammen med årsmøtereferatet.


Medlemsmøtet

Etter kaffipause med gode kaker frå Mette og Finn vart det bildevisning, og fleire hadde bilde som passa til temaet kommunikasjon.

Finn, Asbjørn og Jogrim viste mange bilde med ulike motiv som illustrerte kommunikasjon.

Ole hadde fanga lappugle på musefangst, fantastisk!

Ola Erik hadde utvida fotoutstyret sitt med drone og fotografert gardar og landskap frå lufta – ein ny måte å fotografere på og kvaliteten såg veldig bra ut. Det blir spennande å sjå fleire slike bilde og kanskje video i framtida.
Sigurd Brækken viste også nokre fine bilde, flott! Vi håpar du vil trivast i klubben!

Bjarne

Sekretær

NESTE MØTE BLIR 19 APRIL PÅ LESJA SKULE

 

 

Referat frå møte i Dovrefjell Fotoforum onsdag 8. februar kl 19.00 på Lesja skule.

8 fotofrelste møtte og i tillegg kom Svein Ole Valde og Kjell Stålevik frå Vågå Kameraklubb. Vi starta med å prate om kva vi driv med i klubbane, og det å vise bilete var viktig programpost i båe klubbane. Elles nyttig informasjon frå Vågå om kurs og aktivitetar. I Vågå held dei kurs eller har spesiell aktivitetar i tillegg til dei månadlege møta.

Svein Ole Valde og Kjell Stålevik viste så svært gode bilete, noe frå Dørålen og ein serie frå Harastølen der dei fleste bileta var justerte til svart/kvitt noe som passa godt til dei gamle forfalne bygningane. Men også andre bilete frå Vågå-fjell og Jotunheimen.

Vågå Kameraklubb er medlem i Norsk Selskap For Fotografi (NSFF), og det gir fordeler som f. eks å søke tilskot til fotoprosjekt, kan få rimelege kurshaldarar osv. Medlemskapet kostar for tida kr 175,- pr medlem (alle medlemmer i klubben må vere med i NSFF) og alle får Årboken frå NSFF med fine bilde, verdi ca. kr 200,- Dette kan vi diskutere  på neste møte. Om vi skal melde oss inn i NSFF må vi sikkert auke kontingenten noe, Vågå Kamerklubb har kr 400,- som medlemskontingent. Om NSFF sjå: http://www.nsff.no/a/?page=forside

Vågå Kameraklubb har heimeside: http://www.vagakameraklubb.no

Etter kaffipausen med Oles gode kakefat var temaet for kvelden FROST, og først viste Steinar bilete frå sitt rikholdige arkiv med motiv frå kysten der det av og til er mildvèr og så kulde som gir mange spennande motiv i sjøstranda, ved elv og bekk og i naturen elles. Ola Erik, Bjarne og Jogrim viste også bilde med månadens tema. Så det vart uvanleg mange bilete å sjå denne kvelden.

Takk for ein fin fotokveld!

Så minner vi om at medlemskap i Dovrefjell Fotoforum bør betales snarast. Medlemskontingenten er kr 200,- for enkeltmedlem og kr 300,- for familiemedlem pr. år som kan betales til:
Kontonr.: 2065.07.26562
Dovrefjell Fotoforum
v/ Lars Tressum
Trondheimsvegen 19
2660 Dombås

Neste møte  i Dovrefjell Fotoforum er onsdag 8 mars kl 19.00 på Lesja skule, mediateket, og da blir det både årsmøte og medlemsmøte.
Kommunikasjon er temaet for bileta på medlemsmøtet i mars.
Bjarne
sekretær

Referat frå møte i Dovrefjell Fotoforum

På Lesja skule 11.01.2017

Jogrim ynskte alle (9) velkomne til det nye året med møte på Lesja skule. Formannen hadde fått e-post frå Vågå kameraklubb med spørsmål om juryering av bilde. Av 24 bilde som var «månendes bilde i 2016» skal vi velje ut dei tre beste. Klubben tek på seg den oppgåva. Det var ikkje nokon tidsfrist i e-posten , men bilde og frist får vi seinare.

Månadens tema var NATUR, og når undertegna begynte å tenkje på sine naturopplevingar i reinsfjellet vart det til å setje samen ein bildeserie med tittelen I villreinens og jervens rike. Derfor starta bildevisinga med denne serien.

Etter matpausen viste Steinar mange dramatiske bilde frå styggevèr utmed kysten, frå atlanterhavsvegen og fossar i Romsdalen.

Finn hadde med bilde fotograferte med sitt nye kamera, og motiva var blant anna reperasjon av brua over Lågen i Tråsdalen, samt av familien.

Vi skulle også prate litt om komposisjon, så Ola Erik hadde valt ut bilde frå Lesjaskogsvatnet og Dalsida, og viste gode eksempel på at ved å bruke ulik brennvidde på same motiv kan ein få bilde med stor variasjon. Vi prata spesielt om Det gylne snitt og andre reglar som skal hjelpe oss til å skape bilde med harmoni i oppbygging av fotografia våre.

Neste møte er alt 8. februar, og formannen vil ta kontakt med Vågå Kameraklubb og invitere dei til vårt februarmøte. DA bør vi vel stille mannsterke vi også?

Tema: FROST

Fotohelsing
Bjarne
Sekretær