Referat frå  medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum 10 april 2019 på Lesja skule

8 frammøtte

Bjørnhild Vigerust frå Iguan Design fortalde om bedriften, om prosjektet «Bygdafolk» og viste bilete frå dette. Eit godt, inspirerande og interessant foredrag. Bjørnhild vart med oss resten av kvelden.

Tema for kvelden var jernbane, liner, transport og Vy. Medlemane hadde verkeleg arbeidd med temaet og det kom fram mange, gode bilete. Kvar fotograf fortalde om sine bilete og fekk respons. Det var mykje latter og god stemning. Her var mykje god fotolærdom!

Finn Teigen hadde ansvaret for kaffe og godt attåt, og kaffepausa var lang og full av god prat!

Møtet slutt kl 21.45

Referent: Asbjørn Amble

 

Referat frå  medlemsmøte 13 mars 2019 på Lesja skule

Asbjørn Amble orienterte om Nasonalparkrike foto- og filmfestival.
Arbeidsgruppa har hatt fleire møter for å forberede denne, og vil halde fram med arbeidet på nye møter. Det er laga ei heimeside med informasjom om fotofestivalen.
Sjå: https://foto-ogfilmfestival.kreativ-foto.net

Asbjørn orienterte vidare om aktivitetsplan for resten av 2019:

April:  Bildetema:  Trafikk, tog, jernbane, Vy

Mai:    Fotokafe på Heime.

Juni:     Vårtur / sommeravslutning

Vi møtes til et trivelig lag ved Lorkverne

September:     Nasjonalparkriket Foto- og filmfestival,, Hjerkinn

Oktober: Bildetema: Gammel årgang

November: Bildetema:  Bilder fra bygda

Desember: Julemøte med  billedvisning av fotokonkurranse

Årskonkurranse:         Mennesker og miljø.

Styret vil prøve å få til fotoforedrag av klubbmedlemmer eller andre

Klubben arbeider med at det vises færre bilder, at kvaliteten fortsetter å stige, at det skapes et samtaleforum rundt bilder og teknikk.

Stemme over beste bilde på fotomøtene?

Utstilling:        Fotokafe:         Leder tar kontakt med Marit S. Nyhus og hører om vi kan slippe til med fotokafè på HEIME

Nasjonalparkrike- foto og filmfestival: Arbeidet med å få til et stort fototreff på Hjerkinn fortsetter.

Tema for biletvisning var: Mine 5 beste frå 2018.
Ole Thøring hadde gode fotografi av blant anna: lom, ørn, fjellrev og moskus.   Ole driv fotografering som krev god planlegging og ikkje minst arbeid med fotoskjul, og har tolmod til å vente på rette motivet.

Arvid Storli viste landskap, isklatring og luftige fristyle-svev.

Finn Teigen med fleire god nattbilete både landskap og frå Lesja kyrkje.

Morten Helseth med spennande fjellbilde, moskus, fjellrev, landskap og Mardalsfossen.

Ola Erik Mølmen får til fine portrett med diverse lysutstyr, og til slutt viste Bjarne Fossøy nokre landskapsbilete.

Møte vart avslutta med interessante kommentarar om gode bilete.

 

 

Referat frå Årsmøte og medlemsmøte 13 februar 2019 på Lesja skule

Jogrim Nordsletten, Ole Thøring, Finn Teigen, Asbjørn Amble, Bjarne og Inger-Ragny Fossøy Lars Tressum, Sigurd Brækken og Svein Brekken var tilstades på Årsmøtet.

Jogrim las opp Årsmelding for Dovrefjell Fotoforum for 2018

DFF har hatt ni møte, medrekna fototuren og det vanlege julemøtet med julebord og fotokonkurranse. Jury på konkurransen var Arvid Storli og Morten Helseth, Oppdal. Dessutan har vi hatt to styremøte.

Den vesle og trivelege klubben vår går sin gong med biletopplevingar og sosialt samvere på den gode måten vi alle set pris på.

Vi er ikkje mange, og det ser ikkje ut til at det er lett å få med nye til å bli medlemer. «Alle» tek bilete nå for tida, og deler med andre òg, men held på for seg sjølv. I klubben har vi kurs i bruk av kamera, digital biletbehandling, og vi samtalar og kommenterar bilete.

DFF har ved årsskifte 17 medlemmer. I året som gikk, 2018, melde vi klubben inn i Norsk Selskap for Fotografi, NSFF, med dei rettar og tilbod som fylgjer med det.

Vi har som før Månadens bilete i Vigga.

Styre i 2018 har vore: Leiar: Jogrim Nordsletten, Nestleiar: Ole Thøring, Sekretær: Bjarne Fossøy, Kasserar: Lars Tressum, Styremedlemer: Finn Teigen, Valgkomitè: Asbjørn Amble.

Oppdal, 5.2.2019

Jogrim Nordsletten
(sign.)

Årsmeldinga vart godkjend utan merknad.

Viktige inntekter var medlemskontingent på 7800,- og kommunalt tilskot på  5000,-

Overskot på kr 8960,- og pr. 31.12.2018 var beholdningen 16337,-
Rekneskapet  var godkjent av Eldbjørg Nyborg.

 

Valnemnda hadde på førehand ikkje fått ny leiar på plass, men etter ein fruktbar diskusjon på møtet vart det nye styret slik:

Leiar:                    Asbjørn Amble, 1 år
Nestleiar:          Ole Thøring, 2 år
Sekretær:         Bjarne Fossøy 1 år (Ikkje på val)
Kasserar:          Ola Erik Mølmen, 2 år
Styremedlem: Finn Teigen, 2 år
Valkomite:         Jogrim Nordsletten, 2 år
Revisor:              Eldbjørg Nyborg

Eventuelt
Skifte av bank

Lars Tressum hadde forslag om å skifte bank frå DNB til Sparebanken 1.

DNB har ikkje kontor på Dombås noko som gjer det tungvint med f. eks å ta mot innbetalingar som ikkje går gjennom nettbanken.
Ved uttak av f.eks postgirotalongar tek DNB kr 19,- i gebyr for å utbetale summen det gjeld.
Byte av bank vil bli gjennomført så snart informasjonen om nye styremedlemmer i DF er oppdatert i Brønnøysundregisteret.

Skifte av møtedag

Det er fleire lag som har same møtedag i månaden som DF, og det gjer det vanskelg for enkelt i DF  å komme på møta. Derfor bestemde årsmøtet at vi skifter møtedag til tredje onsdag i kvar månad.
Neste møte blir da onsdag 20 mars.

Referat frå medlemsmøtet 13.02.19

Asbjørn orienterte om prosjektet Nasjonalparkrike Fotofestival og refererte frå fellesmøte på Otta 23.01 med representantar frå FK Linselusa, Vågå Kameraklubb, Lom Knipsarlag og Dovrefjell Fotoforum. Treffet er tenkt å bli arrangert som eit av NSFFs regionale fototreff. Programmet blir noe det same som FK Linselusa nytta på fototreff i Rondane i 2017 som består av ulike fotovandringar, workshop, konkurransar m.m.

På møtet planla vi med tanke på helga 20-23 september 2019, men nå viser det seg at det er eit større fototreff i Vågå same helga som betyr at vi må finne ei anna helg, og som det er nok overnattingsplassar på Hjerkinn.

Ein hovedkomite med to medlemmer frå kvar klubb skal planleggje fotofestivalen, og frå Dovrefjell Fotoforum vart det Asbjørn Amble og Hans Jacob Dahl. Men både før og under fototreffet trengs fleire personar til ulike oppgåver.

Lesja by night. Foto: Finn Teigen

Mot lysare tider var månedens tema for biletvising.

Når vi ser djupe trugespor bortetter snøen veit vi at Finn har vore på tur med kameraet sitt, og han hadde også nattbilete over Lesja.

Bjarne viste nokre bilete med blant anna  låg kveldsol over fjella, og sjølvsagt eit panoramabilete.

Asbjørn viste fine vintermotiv som viser at vi går lysare tider i møte.

Jogrim har eit rikholdig biletarkiv som han hadde plukka fram mange godbitar frå.

Bjarne
Sekretær

 

 

Referat frå medlemsmøte Dovrefjell Fotoforum

Møte  9. januar 2019 på Lesja skule

DF har fått spørsmål frå Linselusa v. Rune Hermansen om at Dovrefjell Fotoforum, Lom Knipsarlag, Vågå Kameraklubb og FK Linselusa går samen om å arrangere Nasjonalparkriket Fotofestival.
DF synest dette er eit spennande prosjekt og vil gjerne bidra med at det kan bli noko av. Rune Hermansen (tlf. med undertegna) var interessert i å bruke Dovrefjell til dette, og moskus kan bli det store trekkplaster! Her ligg det også til rette med grei adkomst og hotell for overnatting og plass for biletvising osv.

Vi reknar med at det første som må skje er at det blir eit felles møte med representantar frå dei fire klubbane som må komme fram til eit opplegg for fotofestivalen. Rune Hermansen er medlem i styret for NSFF og kan da diskutere dette opplegget med NSFF og få sannsyneleg vite kor mykje hjelp vi kan få både økonomisk og på annan måte for å gejnnomføre Nasjonalparkriket Fotofestival.
Dette blir spennande!

DF har fått invitasjon til å delta på landsmøte i NSFF for 2019.
Nedafor kopi av invitasjonen.

«Landsmøte 2019

I henhold til vedtektene varsles herved om gjennomføring av Landsmøte 2018.

Landsmøtet og Film- og fototreff er fra 2017 adskilte arrangementer. Landsmøtet vil bli arrangert årlig, på et sted hvor logistikk- og kapasitetsbehov er dekket. Landsmøtet vil også innbefatte et regionkontaktmøte samt et klubbledermøte. NSFF ved styret ønsker at flest mulig klubber kan og vil være representert, og legger nå forholdene til rette for dette.

Møtestruktur/program

LØRDAG 16.mars

  • kl 09:30–11:30 Regionkontaktmøte
  • kl 11:30–12:30 Lunsj for alle deltagere
  • kl 13:00– Landsmøtet, fulgt av et dertil egnet foredrag og felles middag med sosialt samvær

SØNDAG

  • kl 09:30–12:00 Klubbledermøte, Avreise.»


ER DET NOKON I KLUBBEN SOM KAN TENKJE SEG Å REISE PÅ LANDSMØTE I NSFF?

 

Bildet er fra Håøya, en øy litt utenfor Grimstad. Øya var tidligere bebodd av fiskere og loser, i dag er det feriesteder. Huset på bildet er huset til familien Haaø. Familien har hatt stedet i 16 slektsledd. Her var dikteren Gabriel Scott fast gjest. Her var Henrik Ibsen på besøk. Dikteren hentet planter her til apotekeren i Grimstad, og her fikk han kunnskap om fiskere som rodde til Danmark for å hente korn i nøds og krigsårene rundt 1810. En av dem skrev han om i diktet Terje Vigen.

Foto og bilettekst: Hans-Jacob Dahl

Floraen langs sørlandskysten er svært variert, og plantene er spesielt godt tilpass klimaet med varm sommar og mild vinter. Mange arter trives også så nær havet at sjøsprøyt og havbårer kan slå over – og plantene trives med det. Hans-Jacob forklarte på ein god måte det som var spesielt med kvar art så som kor vanleg/sjeldan planta er, vokseplass, og enkelt kunne det lages medisin av mens andre er meir eller mindre giftige.

Botanikken vart suplert med historiar om folka  som levde her og livnærte seg av fiske, og transport av varer og personar til inn og utland.
Ei svært interessant og lærerik biletvising. Stor takk til Hans-Jacob!

Sverre Killi viste gamle og nye vinterbilete, og felling av storfurua var godt fotografert. Flott!

Jogrim har – som alltid – ein biletserie å vise fram. Han har evne,  fantasi og humor til å sjå fotomotiv der lys, form og farge gir meining og oss andre ville berre gått forbi. Mange fine vinterbilete!

Ola Erik har lesjaskogområdet som sitt nærmiljø, og med Lesjaskogsvatnet i nærleiken med is og rim hadde han fanga mange fine motiv.

Bjarne trives som kjent best i fjellet, og helst i finvèr. Det blir landskap og da gjerne i panoramaformat. Og på enkelte turar kan det bli rypebilde, eller favorittmotivet – ein reinsflokk – som fyller opp minnekortet – men det er så langt å gå..

Takk for frammøtet!

Bjarne
Sekretær