Oppsetting av utstilling av fotografi på Dovrefjell hotel 22.9.2017

På hotellet fekk vi tre vegger å plassere bildene på, og det gjorde at vi fekk rimeleg god plass til dei 35 bildene våre. Det var ingen enkel jobb å få på plass alle bildene, men ved hjelp av godt samarbeid vart det ein fin utstilling til slutt.
Ved utstillingen ligg ein perm der kvar utstillar har eit ark med informasjon om fotografens namn, tlf.nr og eventuell e-postadresse, bildetittel og pris på bildene.
I tillegg har permen eit ark med informasjon om Dovrefjell Fotoforum

Bildeutstillingen skal vare til 15 november.
Desse medlemmene har bilde på utstillingen:
Asbjørn Amble
Bjarne Fossøy
Jogrim Nordsletten
Ola Erik Mølmen
Finn Teigen
Ole Thøring

Utstillingen er gjort kjent med blant anna:
Oppslag i Vigga den 28. september side 17
GD PULS, Utstilling
Kulturnett Oppland http://kulturnett.oppland.org
Plakatar er oppsette både i Dovre og i Lesja

Utstillingen er open i hotellets opningstider.

 

 

 

Utstilling av fotografi på Dovrefjell hotel 2017

Vi planlegg utstilling av fotografi på Dovrefjell hotell i samarbeid med Dovre og Lesja kunstforening.

Sjølve utstillingen tek vi sikte på å ordne fredag 22 september og det er fint om mange kan vere med. Ta kontakt med Jogrim om du ikkje alt har ein avtale om levering av fotografier.
Det er vel enda tid til å få laga store nok papirkopiar og ordne med innramming?
Kva bør vi ordne på førehand når det gjeld informasjon til publikum om DF, fotografane som har bilde her, pris på fotografia osv.

 

Hjerleidutstillinga 2017
Dovrefjell Fotoforum si bildeutstilling Kloke hender

Gledelig stort frammøte og svært mange positive kommentarer til bildene. Både Helle Hundevadt fra Hjerleid og Jogrim Nordsletten fra Dovrefjell Fotoforum var veldig godt fornøyde. Utstillingen blir hengende oppe til 15. Juli og kan oppleves i Gulbygget på Hjerleid.

Jogrim Nordsletten og Helle Hundevadt .  Foto: Asbjørn Amble

Gledelig stort frammøte under opninga av utstillingen. Foto: Asbjørn Amble

Hei

« Medlemmer av Dovrefjell Fotoforum som ønsker å delta med fotografier på Hjerleidutstillinga, under temaet «Kloke hender», må ta kontakt med Asbjørn Amble, tlf 97646048 eller e-post: asbjorn@amble.no, innen 1. april. Fortell litt om bildene dine, og hvilken del av temaet de omhandler. Vi deltar med oppmonterte eller innrammede bilder i 30×40 – 40×50– format. Gjerne større også. Viser til invitasjonen som ligger sammen med årsmøtereferatet.»

Sjå meir informasjon nedafor.

Fotoutstilling

Hjerleid Skule og Handverkssenter på Dovre, har den store glede

å invitere til Hjerleidutstillinga 9.-11. juni 2017

– eit arrangement tufta på våre stolte handtverkstradisjonar, og med solide røter frå 1903.

Kvalitet, kunnskap og kreativitet er sentrale stikkord for heile utstillingshelga, og me ønskjer å involvere vår gjennomgåande tematikk “kloke hender” i alle deler av arrangementet. Me vil difor oppfordre Dovrefjell Fotoforum til å lage ei fotoutstilling, nettopp med kloke hender som tema. Det kan vera bilete av handverk, matlaging, landbruk, musikk eller noko heilt anna. Her er det berre å sleppe fantasien og kreativiteten laus, og finne unike motiv som kan knyttast opp til tematikken.

Me ynskjer å stille ut resultatet i våre lokaler på sjølve elevutstillingsdagen, sundag 11. juni. Me er òg opne for å kunne la utstillinga bli ståande ei stund framover, samt at utstillinga kan vere ei salsutstilling, dersom det skulle vere interessant for dykk.

Utstillingslokalet vil stillast til disposisjon utan kostnad. Kostnad for trykk og innraming må deltakarane dekke sjølve.

Me vonar dette vil vere interessant for Dovrefjell Fotoforum å delta på, og ynskjer dykk hjarteleg velkomne til Hjerleidutstillinga 2017!

Mvh. prosjektgruppa v/Helle Hundevadt.»