Dovrefjell Fotoforum
Referat frå styremøte i Dovrefjell Fotoforum hos Bjarne og Inger-Ragny 11.2. 2017
Sak 1
Fotokonkurranse 2017
Fotokonkurransen er for alle medlemmer i Dovrefjell Fotoforum. Fritt motiv, så her skulle alle finne bilde å delta med, og kvart medlem kan delta med inntil 5 bilde.
26.11.2017 kl 19.00 er frist for innlevering, og bildene sendes som vedlegg på e-post til: bfo@snohetta.no.
Bildene bør ha 2000 pixel på lengste bildeside
Linselusa, fotoklubben på Vinstra, har teke på seg å juryere bildene, og som tidlegare år får vi resultatet på julemøtet som i år er den 13 desember på Trolltun. Ein person frå Linselusa vil truleg komme på julemøtet og presentere resultatet frå konkurransen. Flotte premiar til dei beste bildene!
Sak 2
Tema for bildevisning på fotomøta 2018
Januar: Jul og julestemning.
Februar: Frost og kulde.
Mars: Portrett, bilde av folk.
April: Bilde med lang eksponeringstid.
I mai prøver vi ein fototur, turmål og dato bestemmer vi seinare på året.
Sak 3
Månadens bilde i Vigga.
Finn slit med å få inn bilde til Vigga. For at Finn skal halde fram med å sende månadens bilde til Vigga ber vi om at alle som viser bildeserie på møta på førehand har plukka ut eitt av sine bilde som kan nyttast til bilde i Vigga. Så kan vi på slutten av kvart møte bestemme kva for eit bilde som skal brukast, og Finn får det med seg eitt (eller fleire) på minnepenn!
Styret synest det er viktig at så mange som mogleg får bilde på trykk i Vigga.
Sak 4
Skal Dovrefjell Fotoforum søkje medlemskap i Norsk Selskap For Fotografi?
Medlemskapet vil koste ca 175,- pr medlem pr. år. Kvart medlem vil få NSFF Årboka som kostar omlag det same som medlemskapet. Alle medlemmer i DFF må også vere medlem av NSFF.
NSFF kan gi idear og hjelp på ulike måtar for å støtte og inspirere arbeidet i klubben. Styret i DFF vil først innhente erfaring frå andre fotoklubbar for å få vite meir om korleis medlemskapet i NSFF fungerar i praksis før vi melder oss inn.
Sak 5.
Kurs.
Vi diskuterte mange ulike tema som kan vere aktuelle for kurs i klubben. Vi bestemde oss for å prøve grunnleggjande teknikk i fotografering og vil ta for oss blendar, lukker og ISO og vise korleis desse fungerar saman. Det viktige blir så å velje innstillingar som nettopp gir bilde den tekniske kvalitet som du ynskjer for det enkelte bilde.
Ole og Bjarne vil samarbeide om kurset.
Sak 6
Eventuelt
Ingen saker til behandling
– Inger-Ragny ordna med god mat og drikke i pausen.
Bjarne
Sekretær