2018

Referat frå medlemsmøte Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 12. desember på Trolltun

Jogrim Nordsletten  ynskte alle velkomne til julemøtet, og som tradisjonen er består det av ein god middag med alt tilbehør, og etter middag og kaffi med ein triveleg prat om mange ting kjem spenninga knytta til resultatet av årets fotokonkurranse.

  1. Jogrim minna oss på at på nyåret vert årsmøtet i februar.
  2. Nå som DF er medlem av NSFF er det viktig at alle betaler kontingenten for 2019 innan fristen som er sett til 30. januar slik at alle medlemmene i DF får Årboka frå neste år. Ved for sein innbetaling får ikkje medlemmene i DF Årboka!
  3. Medlemskontingenten er kr 400,- og betal til:

Kontonr.: 2065.07.26562
Dovrefjell Fotoforum
v/ Lars Tressum
Trondheimsvegen 19
2660 Dombås

 

  1. DF har fått spørsmål frå Linselusa v. Rune Hermansen om at Dovrefjell Fotoforum, Lom Knipsarlag, Vågå Kameraklubb og FK Linselusa går samen om å arrangere Nasjonalparkriket Fotofestival . Nasjonalparkriket fotofestival er berre eit arbeidsnamn, og treffet er ikkje på nokon måte døypt ennå.

Eg sender ut meir informasjon om dette saman seinare.

Så rusla vi opp trappa for å vite resultatet som fotografane  Arvid Storli og Morten Helseth frå Oppdal hadde komme fram til.

Resultatet finn du på Heimesida under Konkurranse.

_________________________________________________________________________

På svært kort tid hadde Arvid Storli og Morten Helseth laga kvar sin biletserie, og dei viste gode bilete om ulike tema. Bileta var av god teknisk kvalitet, og det skyldes både fotograferinga og ikkje minst etterbehandling i eit biletbehanslingsprogram. Naturleg nok var både fjellrev og moskus motiv som var fotograferte.

Morten viste kreativitet og beherska teknikken med å skyte vinglas i småbitar, og derfort sikkert mange morosame stunder mens fotograferinga pågikk. Så er kjøkkenskapa overfylte med vinglas så er her ein morosam men nok tidkrevjande måte å rydde plass i skapa på!

Foto: Morten Helseth

Makrofotografering med full kontroll av dybdeskarphet i bilde viste Arvid nokre gode eksempel på. Sikkert tidkrevjande, men resultata var imponerande gode. Båe fotografane kommenterte bileta sine på ein fyldig og forklarande måte, noko som gjorde framvisninga ekstra interessant.  Å forklare både kvifor motivet var fotografert, beskjering og justeringa av fargane for å få motivet til å stemme mest mogleg med den opplevinga som fotografen  hadde klarte dei å setje ord på og det var både spennande og lærerikt.

Litt synd – etter mitt skjønn – at ikkje fleire av medlemmene i DF fekk med seg både biletseriane og kommentarane til bileta.

Stor takk til Arvid Storli og Morten Helseth for godt arbeid med juryering av konkurransebileta og framvising av resultatet.

Takk for to gode og lærerike biletseriar, det vart  ein både inspirerande og morosam kveld.

Bjarne Fossøy
Sekretær

 

 

Referat frå medlemsmøte I Dovrefjell Fotoforum 14. november på Trolltun

Formannen – Jogrim Nordsletten – ynskte alle velkomne til møtet.

Vi starta med biletvisning,  og Kjell Erik Meiningen var først med ein biletserie frå ein tur til Katmandu i Nepal. Kjell Erik viste bilete og fortalde om natur, folkeliv, arbeidsliv slik dei opplevde det på turen. Vi fekk innblikk i både jordbruk, skogbruk og fiske. Dei var innom eit kraftverk, besøkte ein tannklinikk med gammalt og slitt utstyr som var komme frå vestlege land. Ute i naturen møtte dei blant anna elefantar og nasehorn. Likbrenning ved elva var ein tradisjon som er svært så dramatisk og ulik våre eigne skikkar for gravferd.

Ola Lysbakken trivest godt i Rondane og viste fine stemningsbilete, friske haustfargar og dei kjende fossane i elva Ula like i nærleiken av Spranget.  Dei er verd ein dagstur!

Storulfossen med Storronden og Rondslottet i bakgrunnen. Foto: Ola Lysbakken

Asbjørn Amble hadde funne fram arkivbilete frå dramatikk i Dørålen vinteren  1978. I eit ekstremt uvèr kom ikkje alle til rette,  to personar omkom. Asbjørn og andre turistar gjorde stor innsats for å berge andre skituristar den uvèrsnatta.

Ola Erik Mølmen viste godt og planlagt handverk med fotografering til julekort. Også natur og fossar var med i serien hans.

Finn Teigen står på med stadig nye motiv, ismønster langs ein bekk, og Slådalen – sjølvsagt – samt nattfotografering med rundkøyringa på Dombås som motiv.

I kveldens kurs prøvde sekretæren å oppfordre medlemmen til å setje seg godt inn i det som er teknisk mogleg og nyttig på moderne digitale kamera som å velje beste biletkvalitet og kontrollere bileta etter eksponering.
Panoramabilete er mogleg med så godt som alle digitale kamera – med litt trening.

HDR gir gode bilete under vanskelege forhold.

Sjå elles under Kurs på heimesida vår.

Bjarne Fossøy
Sekretær

 

Referat frå medlemsmøte Dovrefjell Fotoforum 10. oktober på Trolltun

Jogrim Nordsletten ynskte alle velkome til møtet, og vi vart 10 medlemmer til slutt på møtet.

I fotokonkurransen kan du delta med inntil 5 bilde, og leverigsfristen er 25 november. Send fotografia på e-post til sekretæren på bfo@snohetta.no. Til å juryere bileta har vi fått Arvid Storli og kona hans Marianne. Arvid har hatt fotoutstilling, og arbeider blant anna i avisa Oppdalingen og er ein dyktig fotograf.

Norsk Selskap for Fotografi

Ole Thøring orienterte om NSFF og fordeler for medlemmer og for klubben.

Fordeler for det enkelte medlem:
– du kan delta på regionale kurs
– du kan søkje om stipend til prosjekt
– NSFF samarbeidar med Japan Foto og kan vere med å sponse utgifter til kopiering av fotografi f. eks til utstilling
– du får eit gratis eks. av Årboka frå NSFF, normalt i desember
– Dersom minst fem medlemmer i din klubb sender inn bilde vil du få eitt bilete på trykk i Årboka.
– du kan få forsikring av fotoutstyret
– rabatt på ulike tidsskrift som f. eks Fotografi.

Fordeler for klubben:
NSFF har ein idébank med tips om å drive ein fotoklubb
Økonomisk støtte til prosjekt – må vere medlem i minst to år først

Elles er det meir stoff om mange tema på NSFF si heimeside https://info.nsff.no

Ved innmelding i NSFF fekk du ein e-post der du kan logge deg inn på di side og kontrollere opplysningane som er der. Det er sjølvsagt frivillig kor mange personopplysningar du vil skrive inn, men det som står der bør jo vere korrekt.

 

Kurs i bruk av kamera

Orientering av Bjarne Fossøy

Årstal og dato – det kan vere kjekt å ha om nokre år, så kontroller at du har rett dato og årstal på ditt kamera .
Fargerom:  Adobe RGB er best for papirutskrifter,  sRGB for skjermbruk.
Bilde brikka, kompaktkamera CA 4 x 6 mm, APS Ca 13 x 18 mm, Fullformat 24 x 36 mm
på ei stor bildebrikke er punkta større enn på ei lita brikke og gir derfor betre biletkvalitet.
Megapixel , mitt Canon kamera 80D har 24 MP og 6000 x 4000 punkter og gir gode papirutskrifter opp til 52 cm bredde, eller plakattrykk f. eks 70 x 100 cm. Dei aller fleste kamera har i dag  mange nok MP til å gi svært gode bilete.

Bilet – format: Vanlegast til papirutskrift er 2:3, TV 16:9 og 4:5 gir nesten kvadratiske bilde

Dynamikk fortel om kameraets evne til å teikne synlege detaljer både i  lysaste  og mørkaste  parti på eit bilete. Desto betre dynamikk, desto større kontrast i motivet kan kameraet gjengi.

Prosessoren omdannar lyspunkta til det ferdige bilete, og kvaliteten på prosessoren heng noe saman med prisen på kameraet.

Minnebrikka  har lagerplass for bileta, og  lesehastigheten bør vere høg om du f. eks ynskjer mange bilete i sekundet over lengre tid.

Oppløysning fortel kor detaljert eit bilete kan vises på skjerm eller på papirutskrift. Ein vanleg TV skjerm med HD oppløysning kan vise 1980 biletpkt. på lengste side. Alle fotoapparat har langt høgare oppløysning enn det.

Objektivet: Minimumsfaktoren når det gjelder biletkvaliteten er objektivet. Kvaliteten på objektivet heng normalt nøye saman, derfor er det særs viktig å velje rett blendar på alle objektiv, og spesielt på rimelege objektiv.
Lysstyrke som f. eks 2,8 fortel  noe om kor svakt lys du kan fotografere i.
Vignetering  fortel noe om objektivets evne til å gjengi rette linjer i motivet.
Detaljoppløysing fortel kor fine detaljer i motivet objektivet kan gjengi, og den er best på blendarane på midten som f. 8,0. Beste biletkvalitet får du derfor normalt på blendarane 5,6, 8,0 og 11.

Anbefaler derfor fotografering med blendarval, AV på Canon.  Still inn f. 8,0 og eksponeringstida kjem automatisk, helst ISO på 400 eller auto, kvitbalanse på auto. Dette skal gi gode resultat på fotografering ute i godt dagslys. I overskya og svakare lys kan du endre ISO til f. eks 800 eller høgare.
Makro-objektiva er svært gode objektiv  som gjengir rette linjer greit og har god detaljoppløysning og teiknar motivet skarpt og korrekt.  Beste objektiv-valet til repro, og med kort nærgrense for fotografering av planter osv.

Etter kaffipausen vart det biletvisning:

Sekretæren viste nokre bilete frå tre turar til Svalbard. Det er mykje spennande å sjå og oppleve der, og historisk er Svalbard svært interessant. Så her er bilete og stoff som kunne fylle ein heil kveld om det er interesse for det i klubben.

Ole har stadig prosjekt som krev god planlegging og mykje tolmod. I sommar klarte han å få gode nærbilete av den skye og forsiktige lomen. Også gode bilete frå Dørålen.

Finn er aktiv for tida, og i tillegg til Slådalen finn han spennande motiv kring Trollstigen.BRA.

Jogrim finn stadig motiv der dei fleste av oss neppe ville stoppe opp for å fotografere. Flott!
Lykke til med nytt kamera!

Bjarne Fossøy
Sekretær

 

 

Referat frå medlemsmøte Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 12. september på Trolltun

Jogrim Nordsletten starta fyrste haustmøte med å ynskje alle velkome til møtet. 7 medlemmer var til stades.

I haust blir det ikkje biletutstilling på Dovrefjell hotell, 100 åringen Tor Selsjord skal ha utstilling av nokre av sine maleri på hotellet. Men styret prøver å få til avtale om at det blir utstilling av bilete frå Dovrefjell Fotoforum utpå vinteren. Tidspunktet kjem vi tilbake til når ting er avklart med Dovre og Lesja Kunstforening og hotellet om høveleg tidspunkt.

Det blir fotokonkurranse etter same opplegg som før om åra.
Fritt motiv og inntil 5 bilde frå kvart medlem som vil delta. Jury og dato for bildelevering er ikkje bestemt enda.

Tema for dei neste møta blir Natur på oktobermøtet og Det hardna til på novembermøtet.

Så var det tid for biletvisning.

Sigurd Brekken viste nokre naturbilete, og fleire av rypebileta var gode.

Finn Teigen er etterkvart lommekjend i Skjervedalen og fanga gode landskapsbilete, og har prøvd seg på fossar og stryk med lang eksponeringstid. Også fine naturbilete frå områda rundt Trollstigen.

Asbjørn Amble hadde fotografert dramatiske stemningar med skodde i fjellet,  og nokre bilete syntes han gjorde seg best i svart/kvitt.

Jogrim Nordsletten finn motiv med samspel av lys, form og farge på dei uttrulegaste stader. Denne gongen var det motiv blant anna frå tur på hurtigruta nordover frå Trondheim, og sjølvsagt frå Jæren.
Vi nyttar høve til å gratulere med nytt kamera!!

Bjarne Fossøy opplevde båe to konfirmasjonar og eit brudlaup i løpet av sommaren, og på Dalsida var det natur også med regnboge.

Ola Erik Mølmen fotograferte brudepar på profesjonelt vis, og sv/kv bileta var imponerande. Fine naturbilete med god komposisjon!

Foto: Finn Teigen

Bjarne Fossøy
Sekretær

 

Fototur til Rondane 7. juni

Foto: Finn Teigen

Vi slutta fyrste halvåret av 2018 i Dovrefjell Fotoforum med å reise til Lars Tressum si hytte som ligg  i søre del av Rondane. Det var ein triveleg stad. Norsk høgfjell – barskt, fritt og vidt med vidgjetne toppar å sjå i nord.

Hytta var hyggeleg å vere i, gammalt og nytt i rett kombinasjon slik som mange her i landet likar og kjenner.

Nokre bilete vart det nok teke i vind og skarp sol. Om det vart eit og anna meisterverk får syna seg seinare.

Som det sømer seg ein moderne og levande pensjonist, hadde Lars baka to slag kake, og med kaffi og te attåt gjorde dette oss (ikkje uventa) kloke der vi sat i fleire timar og snakka om både det lokale og store ting, om dagen i dag og det som er lenge sidan.

Ein god kveld med ro, trivnad og fellesskap.

I september møtes vi att på Trolltun.

Jogrim Nordsletten
Referent

 

Referat frå medlemsmøte Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 11. april 2018 på Lesja skule

10 medlemmer møtte til vinterens siste fotomøte på biblioteket, Lesja skule.

Bjarne orienterte om at DF har søkt om kulturmidlar frå Dovre kommune. Styret søkte om tilskot til bildeutstillingen vi samarbeidar med Dovre og Lesja kunstforeining om. Med omlage like mange bilde som i 2017 stipulerte vi utgiftene til 40.000 og søkte om tilskot på 10.000. Dersom vi får dette tilskotet kan det brukast til å dekkje ein del av utgiftene medlemmene har til å ramme inn fotografi til utstillingen.

Dovrefjell Fotoforum er nå medlem av Norsk Selskap For Fotografi.
For meir informasjon sjå: https://info.nsff.no
Der fin du f. eks medlemsfordeler, klubbfordeler, om kurs, konkurransar osv. Alle medlemmene får Årboka frå NSFF.
NSFF ynskjer namn, postadresse, e-post og tlfnr.  frå alle i klubben, så er du usikker på om Lars Tressum har dine opplysningar bør du sende desse til Lars – snarast.

Fotokurset denne kvelden bestod i ein gjennomgang av dei mest nyttige og brukte innstillingane på fotoapparatet så som:

Bildekvalitet, og bildeformat
Halvautomatisk fotografering (AV på Canon) med val av blendar, resten automatisk, men bestem gjerne ISO verdien sjølv.
Halvautomatisk fotografering (TV på Canon)  med val av lukker, resten automatisk
Programautomatikk (P  på Canon) der du likevel kan endre blendar, lukker eller ISO

Bestemme fokuspunkt
Fleire medlemmer hjelpte til med å dele sine erfaringar og hadde gode tips for å få til gode bilde.
NB! Les bruksanvisningen til ditt kamera.

For fleire detaljer sjå på heimesida under kurs.

Lars Tressum har invitert klubben til hytta si i Rondane som vårens fototur. På grunn av at vegen ikkje er køyrbar før snøen er borte, kjem vi tilbake til tidspunkt for turen og fleire detaljer, men den blir sannsynleg først i juni.

Etter matpause og ein god prat var det tid for kveldens tema som var bilde med lang eksponeringstid.

Finn Teigen har drive fotgrafering i kulde og på kveld og natt og fått til fine resultat blant anna ved Lesja kyrkje, og biltrafikk i mørke kveldar.

Ola Erik Mølmen har jobba bevist med å få til passe eksponeringstid på bekker, elv og fossar. Også blomsterbilde som med lang lukkertid viser lesjavindens fargespel i blomstereng. Eit av bilda hans blei vald til månadens bilde i Vigga.

Bjarnes bilde var for det meste elv og foss med lang eksponeringstid.

For å få til lang eksponringstid er variable og nøytrale gråfilter eit godt hjelpemiddel.

Asbjørn Amble var kommen tilbake frå Bergenstur der han hadde besøkt Leprasjukehuset.
Ein slektning av Asbjørn fekk denne sjukdommen som også var kalla spedalskhet, og vart på Leprasjukehuset i Bergen livet ut – og på grunn av at folk den gong trudde at sjukdommen var svært smittsom hadde dei sjuke ingen kontakt med familie eller venner. Det vart  derfor ein bildeserie fra eit historisk spesielt byggverk.

Bjarne Fossøy
Sekretær

 

 

 

Referat frå årsmøte i Dovrefjell Fotoforum 14. mars på Lesja skule.

7 medlemmer møtte.

SAK 1

Årsmelding for Dovreefjell Fotoforum for året 2017.

DF har hatt ni møte, medrekna fototur og julemøte.

Vi har hatt mange og varierte tema som emne på møte, – natur, nærbilete, folk, dyr, arbeid.

På Hjerleiddagane hadde klubben utstilling Kloke hender, som vart sett av mange og fekk god kritikk.

I haustsesongen hadde klubben stor utstilling på Dombås Hotell med varierte og representative foto.

På julemøte var det presentasjon av bilete i klubbkonkurransen, juryerte av fotoklubben Linselusa  på Vinstra. Tri medlemmer derfrå kommenterte bileta våre. Dei hadde òg med eigne gode fotoseriar.

I Vigga har vi vore synlege med Månadens bilete.

Styret i 2017 har vore:

Leiar: Jogrim Nordsletten
Nestleiar: Ole Thøring
Sekretær: Bjarne Fossøy
Kasserar: Lars Tressum
Styremedlemmer: Finn Teigen

Valkommitè: Asbjørn Amble
Svein Stuen
Revisor: Eldbjørg Nyborg

Oppdal 15.03.2018

Jogrim Nordsletten
(Sign)

SAK 2 Rekneskap


SAK 3 Val

Det nye styret ser slik ut:

Leiar:                          Jogrim Nordsletten, vald for 1. år
Nestleiar:                 Ole Thøring, ikkje på val
Sekretær:                Bjarne Fossøy, vald for 2 år
Kasserar:                 Lars Tressum, ikkje på val
Styremedlem:       Finn Teigen, ikkje på val
Valkommitèn:        Asbjørn Amble, ikkje på val
Svein Stuen, vald for 2 år
Revisor:                    Eldbjørg Nyborg

 

SAK 4 Styret i DF ynskjer å melde DF inn i NSFF

Som begrunnelse får å melde Dovrefjell Fotoforum inn i Norsk Selskap For Fotografi legg styret spesielt vekt på fordelane:
*Fotoklubber betaler 175kr per medlem per år.

(75kr for ungdommer, til og med det året man fyller 25år)
*Alle medlemmer får årboken som i seg selv er verdt ca 175kr.

*Klubben får tilgang til enkelt kursmateriell for sine medlemmer.

*Klubben kan søke støtte til arrangementer.

*Klubben får tilgang til dyktige kursholdere.

*Medlemmene får tilgang til å delta på fotokonkurranser.

 

Årsmøtet vedtok at styret får fullmakt til å melde Dovrefjell Fotoforum inn i Norsk Selskap For Fotografi.

Medlemskontingenten blir frå og med 2018 kr 400,- pr år (175 kr til NSFF er inkludert) og kr 300,- for medlemmer under 25 år.

Alle som vil verre medlem i DF må også vere medlem i NSFF.

Frist for innbetaling av kontingenten for 2018 er sett til 3. april.

DF må betale for alle medlemmene samstundes med innmelding i NSFF.

Betal snarast til:
Kontonr.: 2065.07.26562
Dovrefjell Fotoforum
v/ Lars Tressum
Trondheimsvegen 19
2660 Dombås

 

 

SAK 5 Eventuelt

A. Finn Teigen kom med forslag om å lage fotokurs som går på dei heilt grunnleggjande innstillingane på fotoapparatet – for å få fleire medlemmer med i klubben. Å få med fleire fotointeresserte har vi prøvd i mage år utan at det har gitt ønska resultat.
På neste møte den 11. april vil vi derfor bruke tida til kurs for dei som ynskjer det, og vi vil prøve eit opplegg slik at kvar enkelt får hjelp til å stille inn sitt eige kamera. Hugs derfor å ta med ditt kamera denne kvelden. Fleire detaljer om kurset kjem på møteinnkallinga. Om tid og vèret er på vår side vil noko av kurset foregå ute i det fri.

Å justere bildene i eit redigeringsprogram som f.eks Adobe Photoshop Elements må vi lage kurs i seinare på året.

B. Styret vart oppfordra til å skaffe oversikt over alt utstyret og biletseriane som klubben eig, og kvar utstyr osv er lagra. Fot tida har ikkje DF eige rom til lager og utstyret er plassert hos fleire av medlemmene.

C. Oppfordring til kasseraren om å sende ut bankgiro til alle for innbetaling av årskontingenten.

D. Alle som driv tipping eller lotto vart oppfordra til å la grasrotandelen gå til Dovrefjell Fotoforum, og som rekneskapet for 2017 viser, kom det inn mange kroner frå Norsk Tipping.

E. Styret vart oppfordra til å søkje kommunale tilskot som f. eks. kan nyttast til å dekkje utgifter til å lage bildene til ulike utstillingar som klubben er med på. I 2017 hadde klubben utstilling på Dombås Hotell og på Hjerleid.

  1. Årsmøtet slutt.Referat frå medlemsmøte 14.03.2017Etter ein lang kaffipause og ein god fotoprat var det tid for bildevisning.Svein Stuen viste mange bilde med svært varierte motiv.Asbjørn Amble viste ein serie der bildene var konverterte til svart/kvitt og forklarte litt om bildejusteringen på kvart enkelt bilde.Jogrim Nordsletten hadde grave djup i diasarkivet og funne gode portrett og andre motiv som kom til sin rett på stor skjerm.Bjarne
    Sekretær

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 14. februar på Lesja skule.

7 medlemmer møtte.

Ole synte ein del gode dyrebilete, og mange eksempel på korleis han arbeider med kontrast, fargetone og fargemetting innafor eitt og  same opptak. Vi såg òg på kva rett utsnitt har å seia. – Lærerikt. Eit bilete frå Nystugudalen av moskus i snødrev var særs godt.

Finn hadde som vanleg ikkje vore klistra til sofaen. Med truger hadde han vadd i djupsnø og på elveis og kom levande heimatt med gode bilete av innlandsvinteren. Han hadde også snøfokk bilete, kyrkjebilete og kreative kveldsbilete av trafikk med lang lukkertid.

Steinar Vikås opna med å seie at han ikkje hadde med seg noko særleg. Dette viste seg å vere heilt feil. Han slo opp på skjermen store utval av bilete, og vi andre plukka ut det vi ville og såg dei i stort format etter «ynskjekonsertprinsippet». Mykje vakkert med imponerande teknisk kvalitet. Uvèr og sol, fjord og fjell, detaljar, barnebarnbilete. Ei oppleving!

Jogrim synte nokre vinterbilete, m.a. rimfrost på Dovrefjell  som også Finn hadde fotografert i den same kuldeperioden.

Kaffe og kaker og fotoprat.

Finn sikra seg biletet til lageret  Månadens bilete.

Medlemspengar (kr 200 for einskildmedlem og kr 300 for familiemedlemskap ) bør innbetalast nå til konto: 2065.07.26562. Bør vi dele ut blankettar på neste møte? Finn foreslo dette.

Ref.
Jogrim Nordsletten

Referat frå medlemsmøte i Dovrefjell Fotoforum

Møte i Dovrefjell Fotoforum 10. januar på Lesja skule.

Nå har vi fått biblioteket som møterom for denne vinteren. Her er nytt stort lereft og ny videokanon og utstyret fungerar greit. Så er det trivelegare å sitje i god stol på biblioteket enn å vere på vanlege klasserom.

10 fotointeresserte møtte, og Jogrim kunne ynskje spesielt nye medlemmer velkomne til foto møtet vårt. Ingrid Bjørkås, Åshild Einbu og Ola Lysbakken er nå medlemer i klubben, velkomne!

Bjarne og Ole stod for kveldens kurs med oppfrisking av dette med lukker, blendar og ISO. Dette er jo verktøyet vi har for å i størst mogleg grad å sjøl bestemme korleis bilete skal bli med tanke på det reint tekniske. Det teoretiske vart så vist med bilde som illustrerte praktisk bruk av desse tre verktøya; lukker, blendar og ISO. Sjå òg under Kurs på heimesida.

Jogrim har som vanleg bilde til kveldens tema som var jul og julestemning. Mange fine julebilde.

Ola Erik hadde laga ein serie som synte førebuingar til jula, og fine motiv i sjølve jula på Lesjaskog. Flott og forseg-gjort!

Finn brukar kameraet flittig og er ofte innom Lesja Kyrkje på kvelstid og får til stemningsfulle bilde i måneljoset. Også fine bilde frå julefeiringa i familien.

Ole trivs best ute i naturen, og kunne denne gongen stille med  spennande ørnebilde etter mange timar i kamuflasje. Så matar han haukugla innpå Dovrefjell med mus, og gode bilde blir det!
Så vart det moskusbilde, og i vèr der dei fleste held seg heime. Men moskus i frisk fjellvind, og moskusuksane må måle krefter panne mot panne…

Sigrud er i siget med å få til bra bilde, og mange greie snømotiv frå vinteren. Bra!

Neste møte er 14 februar på biblioteket, Lesja skule kl 19.00
Tema:  Frost og kulde.

Bjarne
Sekretær