Årsmøtet 2020

19.02.2020 på Lesja skule, biblioteket

Leiar i DFF, Asjørn Amble,  ynskte velkomne til årsmøtet .
Først på saklista til årsmøtet var det årsmelding som Asbjørn las opp. Her kjem referatet  med sekretæren sine kommentarar.

Årsmelding for Dovrefjell Fotoforum 2019

Styre i 2019 har vore:

Leiar: Asbjørn Amble, Nestleiar: Ole Thøring, Sekretær: Bjarne Fossøy
Kasserar: Ola-Erik Mølmen, Styremedlem: Finn Teigen
Valkomite: Jogrim Nordletten.

16 var medlem i klubben ved årsskiftet.

DFF har hatt ni interessante og innhaldsrike møte, medrekna fototuren til Lorkvenne i mai og den trivelege fotokafeen på Heime, Dombås, i mai. Aktiviteten på møta har ofte knytt seg til konkrete tema, og vi har gode samtaler om fotografi og fotoutstyr.
Innmeldinga i Norsk Selskap for Fotografi har vore ein inspirasjon for klubben. 13. – 15. september arrangerte vi Nasjonalparkriket foto- og filmfestival på Hjerkinn, saman med dei andre klubbane i Norddalen, – med stor deltaking får heile Noreg. Samarbeidet med dei andre klubbane i Norddalen har vore positivt. Klubben vart kontakta av Dovre kommune om bilete til utsmykking av Dovre Ungdomsskule, og Bjarne Fossøy, Ole Thøring og Asbjørn Amble stilte med fire bilete,- som ga inntekt til klubben.
Klubben har inngått avtale med Dovre kommune om leige av klubblokale på Breidablikk, Dombås.
Takk til Finn Teigen som organiserer Månadens bilete i Vigga, og som ordner med mat og drikke på møta når det trengs.

Dombås, 16.2.2020
Asbjørn Amble
Leiar

Årsmelding godkjend utan merknad.

I året som gjekk har leiaren hatt vesentleg meir arbeid enn i eit «normalt år» spesielt på grunn av Foto- og filfestivalen og med å få i orden avtale med kommunen om leige av Breidablikk. Dette arbeid er gjort på ein god måte.

Rekneskap

Kasserar, Ola Erik Mølmen, orienterte om at nå har DFF skifta bank til Sparebank 1, og fått ordna så alle formalitetar er i orden.
Ola Erik orienterte om rekneskapet som for året 2019 gjekk med eit overskot på kr 3402,-
Rekneskpet var godkjend av revisor utan merknad.

Stor takk til Ola Erik for jobben.

DFF. Valg 2020

I 2019 var:           Asbjørn Amble leiar
                               Ole Thøring  nestleiar
                               Bjarne Fossøy sekretær              
                               Ola Erik Mølmen kasserar
                               Finn Teigen styremedlem
                               Jogrim Nordsletten valgkomitè (berre eit medlem nå)
                               Eldbjørg Nyborg revisor.

På valg er leiar, sekretær revisor og 1 medlem i valgkomitè

Einmannsvalgkomitèen har spurt seg føre, og fått slike svar:
Leiar: Asbjørn Amble, ja til attvalg for for eitt år
Sekretær, ja til attvalg for to år
Ny revisor Ola Lysbakken for to år
Ny medlem i valgkomitèen Maria Kampeseter for to år.

16.02.2o, Jogrim Nordsletten

Godt arbeid av einmannsvalgkomitèen!

Bjarne Fossøy
sekretær

Medlemsmøte på Lesja skule 15.01.2020

8 medlemmer til stades.

Asbjørn Amble ynskte velkommen til nytt fotoår!
Han orienterte om mange ting som gjeld aktivitet i klubben.

Lokalet på Breidablikk er nå i orden, avtalen med kommunen er i orden, har fått nøkkel og er begynt å setje inn diverse møblar. Vi kan truleg begynne å bruke lokale alt på februarmøtet.

DFF har  levert  4 bilder til Dovre kommune til opphenging på skulen, og resultatet vart bra. Klubben fekk  noker hundrelappar for kvart bilete.

På førstkommande styremøte vil   vi prøve å utarbeide ein aktivitetsplan for resten av året.

Den kalde fine tida var tema for kveldens framvising av bilete.

Ole Thøring har meldt seg på fotokonkurransen – Fotojakta, NM arrangert av bladet Villmarksliv – og skal levere bilete i mange månader framover. Han viste så nokre bilete han vil sende til konkurransen, og bileta viste høg kvalitet både teknisk og motivmessig. vi ynskjer Ole lykke til!

Finn fann is og vintermotiv som passa godt til kveldens tema. Flott.

Ola Lysbakken hadde også lykkas fint med å fine motiv både i nærmiljøet og i Rondane.

Til slutt viste sekretæren nokre panoramabilete frå Lesjafjellet og på Dovrefjell. På eit møte kan Bjarne gjerne vise litt både om kamerainnstillingar, fotograferinga til panorambilete, og samankopiering i Photoshop.

Bjarne
Sekretær

Canon Eos M6 Mark II 15-45mm på 15mm f. 7,1  1/50 sek. og 2000 ISO.
Foto: Finn Teigen