Styremøte i Dovrefjell Fotoforum

Mandag 20.01. 2020 på Breidablikk, Dombås

Tilstades: Asbjørn Amble, Ole T høring, Finn Teigen, Ola Erik Mølmen og Bjarne Fossøy

Asbjørn  orienterte først om at han hadde kontakta  kunstforeningen ang biletutstilling, og at det ikkje blir samarbeid om biletutstilling på hotellet dette året. 

Dette året blir tema for årskonkurransen: DYRERIKET.
Fotografi som tidlegare er premierte i våre konkurransar kan ikkje delta på nytt.

1/20    Leigekontrakt som gjeld eit rom på Breidablikk er underskrive av leiar, og gjeld frå 1.1 2020.
Husleiga er kr 800 pr månad,  straum og kommunale avgifter er inkludert.
Oppseiingstida er tre månader. Asbjørn og Finn har nøklar. Nokre møblar som bord og stolar er på rommet.

2/20    Årsmøte onsdag 19. februar.
Lesja skule, biblioteket kl. 19.00

Sakliste:
Årsmelding
Rekneskap
Val
Innkomne saker til årsmøtet

Medlemsmøte
Bilettema: Vintermacro

3/20    Brev fra Rune Hermansen om pengene fra fotofestivalen på Dovrefjell. Overskudd kr 46.055,11. Hermansen ber om at klubbene avgjør om vi skal fortsette samarbeidet og arrangere ny festival annethvert år.

Styret diskuterte dette, og som Vågå kameraklubb kom vi fram til at det er vanskeleg å binde seg til eit så stort arrangement i mange år framover.

Vedtak: Dovrefjell Fotoforum gjer framlegg om at overskotet blir  fordelt på klubbane som arrangerte treffet i 2019. Klubben stiller seg positiv til å være med og arrangere eit nytt treff i Lom i 2021.

4/20    Årsplan for Dovrefjell Fotoforum:

Årsplanen opnar for at det kan komme endringar og nye tema, fototurar eller aktivitetar i tillegg til årsplanen.
Januar: 
Onsdag 15.
Lesja skule, biblioteket
Tema: Den kalde fine årstid

Februar: 
Onsdag 19.   kl 19.00 på Lesja skule, biblioteket.
Årsmøte sakliste:
Årsmelding
Rekneskap
Val
Innkomne saker til årsmøtet.

Medlemsmøte.
Tema:  Vintermacro

Mars:
Onsdag 18. på Breidablikk kl 19.00
Frå farge til svart/kvitt bilete. Bruk av blant anna programet SilverEfexPro.
Tema for biletvising: Lys og skugge, linjer osv

April:
Onsdag 15. på  Breidablikk kl 19.00
Asbjørn har snakket med Bernt Tordhol, tidligere medlem, og invitere ham til en kveld der han har bilder med på minnepenn,- og vi snakker om hans billedsyn, om Lillehammer kameraklubb og annet.

 Tema: sv/kv bilete

Mai: 
Onsdag 20.  
Tur til Åndalsnes med Finn Teigen som guide.
Meir informasjon om turen, tidspunkt, samkøyring osv blir lagt ut når det nærmar seg 20 mai  

Juni:
Onsdag 10
Tur: Grønfossen
Meir informasjon om turen blir lagt ut når det nærmar seg juni.  

September:
Onsdag 16.  på Breidablikk kl 19.00
Tema: Bilder fra turane til Åndalsnes i mai og Grønfossen i juni.
Panoramabilde, finne eit høveleg motiv, innstillingar på kameraet, fotgraferinga og til slutt samankopiering av bileta til eit panoramabilete.
Ved Bjarne

Oktober:
Onsdag 21 (el 14?)
 Tema: Redigering av film. Martin Amble Ruge
Møtested: Bredablikk
Bildetema. Hausten på sitt beste

(Nordic Light i Kristiansund er flyttet til oktober. Er noen interessert i å bli med og se på utstillinger, evt høre foredrag.)

Nov:
Onsdag 18  Tema:
Møtested Breidablikk
Bildetema: Nærmiljø
Innlevereing av bilete til årskonkurransen med temaet: Dyreverden.

 Desember
Onsdag 9. el 16  Tema: Årskonkurranse og juletallerken
Møtested:

 5/20    Vi trenger inntekter for rommet på Breidablikk.
I dag har vi ca 2.500,- fra grasrotandelen til Norsk Tipping
Medlemskontingenten går både til klubben og til NSFF
Bilder til lotteri?
Utstilling?
Kalender?  Pr dato er det 25% rabatt,- minst – hos CEWE. Hvis vi får en kalender for 100 kr, kan vi selge den for 200 kr. 100 kalendere er 10.000 kroner

Vi diskuterte desse alternativa for inntekt, men bestemde ikkje kva vi skal satse på nå.

6/20    Annet
Ingen nye saker her.

Fototreff på Heime
Dato ikkje bestemt.
Marit Nyhus orienterer om Lov om opphavsrett til åndsverk

Bjarne
Sekretær